Kranglar om medieregulering

Over 200 nye mediebedrifter poppa opp etter diktatorfallet. No står kampen om korleis media skal regulerast.
Fredag, 9 mai, 2014 - 15:23

Media i Tunisia er så fragmenterte at det er vanskeleg å snakke om media som éi eining. Det går eit skarpt skille mellom private og offentlege medier, medan det samtidig er eit skarpt skille mellom radio- og TV-mediene og dei skriftlege media. Innanfor desse delingane er journalistane også splitta seg imellom.

I eitt år har det blitt gjort forsøk på å regulere medielandskapet som har vokst til himmels etter at lenkene til Ben Ali-regimet vart løyst opp.

Auka av mediebedrifter kom som ein følge av det plutselege fråveret av lisenskrav og sensur. Over 200 aviser starta opp på kort tid, medan radio- og TV-stasjonane vart mangedobla, men mange av dei nye mediebedriftene la ned etter berre månader med aktivitet. Ingen krav vart stilt til nokon, verken eigarskap eller innhald.

I dag er det vanskeleg å talfeste kor mange mediebedrifter som fins i Tunisia. Det som er sikkert er at det etter revolusjonen var ein enorm auke, spesielt i aviser og radiostasjonar. Dei statlege media som var under Ben Ali, eksisterer framleis.

Anbefalingar for døve øyrer

Kamel LabidiTar til orde for regulering av pressa. Her er han saman med Hamida El Bour frå det tunisiske presseinstituttet.– Før var statleg media eit propagandaverktøy for regimet, utan nokon form for kritisk stemme. Derfor er det veldig varierande kor profesjonelle journalistane er, seier Kamel Labidi, leiar av INRIC, den nasjonale kommisjonen for reform av media i Tunisia.

Labidi sin kommisjon arbeidde fram eit sett med anbefalingar til dei midlertidige styresmaktene etter revolusjonen, men fekk lite gehør for anbefalingane.

– Det er ikkje politisk vilje til å reformere media og implementere internasjonale standarar for fri og uavhengig presse, seier han, og fortel at kommisjonen ville lære frå andre tidlegare diktatur om korleis dei reformerte media. Men dei møtte motstand på heimebane.

Regulerer, men ikkje alt

To år seinare, den 3. mai 2013, vart det likevel oppretta eit uavhengig organ med mandat til å regulere medieselskapa innan radio- og TV-kommunikasjon. Dette organet, som kun blir kalla HAICA, skal sertifisere radio- og TV-selskapa.

Det har imidlertid ikkje vore tilsvarande prosessar som omfattar dei skriftlege media i landet. Det er fleire grunnar til dette. Ein av hovudgrunnane er at dei skriftlege media er i gang med å etablere system for sjølvregulering, som kan ende opp med å vere noko liknande Pressens faglige utvalg i Noreg.

Arbeidet er imidlertid krevjande då journaliststanden i Tunisia er veldig splitta. Kritikarane av medieeigarane seier at uavhengige reguleringar av dei skriftlege media ikkje vil materialisere så lenge medieeigarane har like stor makt som i dag.

HAICA-lederNuri Lajmi er leder av det uavhengige regulativet for radio- og TV-medier i Tunisia. Foto: Solveig SteienReguleringane på radio og TV gjeld førebels kun for dei private medieselskapa.

– Vi arbeider med rapporten for offentlege media, men vi har prioritert å få på plass reguleringane på dei private aktørane først, seier Nouri Lajmi, president i HAICA.

Ein radio- eller TV-stasjon må signere eit sett av forpliktingar som dei må overhalde for å vere sertifisert. Akkurat no foregår det forhandlingar mellom HAICA og medieselskapa om kva dei skal skal innehelde. Men HAICA og medieselskapai har motstridande interesser på fleire punkt.

Redd for sensur

– Vi er redde for at reguleringane til HAICA i praksis kan føre til sensur, seier Amel Mzabi. Ho er president i Syndicat Tunisien des Dirigeants des Médias, som er ein organisasjon for eigarane av medieselskapa i Tunisia.

– Vi er ikkje imot regulering av media i Tunisia, eg meiner at vi treng regulering. Men regulering er ikkje det same som sensur, seier ho, og refererer med det til tiåra med propaganda under diktatorstyret.

Eitt av stridsspørsmåla handlar om restriksjonane på reklametid på radio og TV. Mzabi meiner det er ein viktig sak for medieselskapa sin eksistens, ettersom dei har store økonomiske utfordringar i ein ellers stagnert økonomi.

Ifølge Mzabi inngår det i HAICA sine reguleringar at nye TV- og radioprogram må godkjennast av reguleringsorganet. Det er slik praksisar som skremmer medieeigarane.

– Fridomen i Tunisia er veldig ny, og derfor er det ekstra viktig å verne om den, seier Mzabi.

Vil skille presse og politikk

HAICA-president Lajmi meiner det er gode grunnar for å ha tydelege reguleringar av private aktørar.

– Nokre av dei største radio- og TV-stasjonane har politikarar på toppen. Dei vil vere på begge sider i mediesamfunnet. Vi meiner at det ikkje er muleg i ein fri presse, seier han.

Mzabi er ueinig i dette. Ho er kritisk til at reguleringane ikkje blir ein del av lovverket, bestemt av nasjonalforsamlinga.

– Dersom det skal vere begrensingar på slikt, må det vere gjennom vedtak i parlamentet i form av ei lovendring. Eit enkelt organ som HAICA kan ikkje bestemme kva privat engasjement enkeltpersonar skal kunne ha, seier Mzabi.

Ho forstår veldig godt at det er feil om ein partileiar er eigar av ein radiostasjon, men meiner det er like feil at eit uavhengig organ som HAICA skal bestemme at personar med tilknyting til politiske parti ikkje kan vere involvert i media.

Kamel Labidi på sin side sår tvil ved intensjonane til medieeigarane.

– Medieeigarane gir seg ut for å kjempe for pressefridom, men dei har framleis tilgode å vise det, seier Labidi.

Sjølv om partane ikkje er einige, trur Nouri Lajmi at avtala med mediebedriftene kan vere på plass om nokre månader.