Søksmål, personangrep, trugsmål og drap

Journalen har gått nærare inn på historia til tre kritiske journalistar frå Nicaragua.
Fredag, 9 mai, 2014 - 12:21

Ismael López Ocampo

OvervakaDå Ismael López Ocampo dekka ei geriljarørsle mot president Ortega, reagerte den nicaraguanske hæren med å trakassere og overvake han og familien hans. Foto: Víctor Manuel Espinosa/ Flickr.Ismael Lopez Ocampo arbeider med undersøkjande journalistikk i TV-programmet Esta Semana. I 2012 dekka han ei væpna geriljarørsle som gjorde opprør mot president Daniel Ortega si regjering, nord i landet, fortel Nicaragua Dispatch.

Kort tid etter fekk familien til Ocampo besøk av to menn som avhøyrte dei om privatlivet hans. Seinare vart journalisten sjølv oppsøkt av dei same mennene, som då hevda at dei var offiserar i den nicaraguanske hæren. Mennene heldt fram med å avtale møter med journalisten med mål om å kartleggje synet hans på president Ortega.

I ettertid har offiserane jamleg dukka opp til ulike tider utanfor kontoret og i nærleiken av heimen til Ocampo, alltid synlege for å vise at dei fyl med.

UthengtCarlos Fernando Chamorro har fleire gongar vorte uthengt på statleg TV, både som terrorist, narkotikahandlar og mordar. Foto: Woodrow Wilson Center.Carlos Fernando Chamorro

Carlos Fernando Chamorro er prislønna journalist og sjef i TV-programmet Esta Semana, kor Ocampo jobbar. 

Gjennom TV-programmet, skulda Chamorro den nicaraguanske hæren for å overvake familien til Ocampo. Chamorro sende også brev til leiaren i hæren, kor han kravde full etterforsking av det han meinte var sjikanerende politisk spionasje. Hæren har ikkje svart på skuldingane.

Etter at saka kom ut i media, har den fått nasjonal og internasjonal merksemd, og opposisjonsparti og menneskerettigdomsorganisasjonar støttar no opp om Ocampo.

Chamorro leiar også senteret for forsking og kommunikasjon (CINCO). I 2008 vart han offer for ein svertekampanje utført av president Ortega sine forbindelsar, fortel Reportarar Utan Grenser. Dette var del av ei heksejakt mot privateigde media, som inkluderte både søksmål, personangrep og trugslar. Chamorro vart truga med fengsel.

Chamorro samanliknar situasjonen med korleis myndigheitene reagerte den gongen han skulda leiinga av FSLN, partiet til president Ortega, for å vere involverte i eit tilfelle av utpressing.

– På den tida vart biletet mitt vist på Canal 4, ein pro-statleg TV-stasjon, kvar dag. Eg vart stempla som gangster, terrorist, narkotikahandlar og ein som myrda bønder, sa Chamarro til Reporterar Utan Grenser

– Men domstolane erkjente den gong at eg ikkje hadde gjort noko gale. No har TV-kanalen byrja med dei same metodane igjen. Denne gongen seier dei at eg er CIA-agent, avslutta Chamorro.

Faren til Chamorro var i si tid redaktør for Nicaragua si største avis, La Prensa. I 1978 vart han skoten og drepen av Somoza-regimet, ein diktatorfamilie som styrte Nicaragua i åra 1936-1979.

Silvia González

Silvia González er journalist for El Nuevo Diario. I 2011 laga González ein artikkelserie om Gabriel Garmendia, tidlegare sjef for den same geriljarørsla Ocampo dekka. Ein knapp månad etter at første artikkel var publisert, vart Garmendia drepen under uklare omstende. Drapet er enno ikkje klart opp i. Sjølv vart González utsett for ei rekkje drapstrugslar.

Journalisten fryktar for livet og klarer ikkje lenger å jobbe slik ho pleidde. Reporterar Utan Grenser krev full beskyttelse av reportaren.

«Solidariteten vi uttrykkjer for González skuldast framfor alt det faktum at ho er ei kvinne som arbeider aleine som korrespondent, og dermed direkte er utsett for fysisk fare», skriv Reporterar Utan Grenser på sine heimesider.

I ettertid har politiet arrestert ein 21 år gammal mann for trugslane. Mannen skal vere tilhengjar av Ortega si regjering.

Sjå pressekonferanse med González under (på spansk).