Tala fortel ikkje alt

Berre ein journalist vart drepen i Bangladesh i 2013. Sjølv om talet er lågare enn i nabolanda, opplever journalistar ofte trugsmål og vald når dei skriv om regjeringa i landet.
Torsdag, 15 mai, 2014 - 13:43

15. februar 2013 vart 31 år gamle Ahmed Rajib Haider brutalt myrda av maskerte menn utanfor heimen sin i Dhaka. Han hadde skrive kritiske innlegg på bloggen sin om islamske grupper, og mykje tyder på at det var åsaka til at han vart drepen.

Arresterte og dømt til fengsel

Kritiske ytringar om regjeringspartiet Awami League førte til at tre journalistar frå avisa Daily Inqilab vart arresterte i januar. Arrestasjonane vart grunngjevne med at jouranlistane hadde skrive usanne nyhende om Awami League.

Også for Salah Uddin Shoaib Choudhury, redaktør i avisa Weekly Blitz, fekk kritisk journalistikk store konsekvensar. I januar vart han dømt til sju år i fengsel, etter skuldingar om at avisa hans skada bangladeshiske interesser ved å skrive usannheiter.

Ifølgje den amerikanske organisasjonen Committee to Protect Journalists (CPJ) er14 journalistar drepne i Bangladesh sidan 1992, og 17 journalistar harvore fengsla sidan år 2000.

Vanskeleg å dekke valet

I samband med valet i januar opplevde fleire byar i Bangladesh opptøyer og demonstasjonar. Opposisjonen protesterte mot det dei meiner er eit urettferdig val, og ei  regjering som dei meiner er korrupt.

– Journalistene som dekka demonstrasjonane, fortel at dei var svært redde. Demonstrantane gjekk til åtak på  svært mange journalistar, skriv Reja Aakash, journalist i avisa The Daily Nabobkhanta i ein mail til Journalen.

Han fortel om ei lov, kalla seksjon 144, som legg restriksjonar på arbeidet til journalistar.

– Den gjer det svært vanskeleg for journalistar å presentere verkelegheita, sier Akaash.

Farleg å vere lokaljournalist

Manosh Chowdhury er professor i sosiologi ved Jahangirmagar universitet i Dhaka, og han meiner situasjonen er særleg vanskeleg for lokale jouranlistar.

– Lokaljournalistar som driv undersøkande journalistikk, opplever ofte farlege siituasjonar, seier Chowdhury.

Journalistar i rikspressa er ofte mindre utsette for åtak fordi dei har namn mange kjenner til. Også journalistar med internasjonale kontaktar har ei form for tryggleik, fordi det internasjonale samfunnet gjerne grip inn dersom dei vert truga.

Tala i saka er henta frå Committee to Protect Journalists.

Fakta.jpg• Ein journalist drepen i Bangladesh i 2013. 

• 14 journalistar drepne i Bangladesh sidan 1992.

• 17 journalistar har vorte fengsla i Bangladesh siden år 2000.