Uteliggeren Per tigger på Karl Johan. Foto: Hanne Mjelstad

– Det er lettare i desember

I desember er innbyggarane i Oslo gavmilde. Men så kjem kvardagen tilbake i januar, og med rekningar og avgifter er det vansklegare å hugse på dei som slit mest.
Tirsdag, 17 januar, 2017 - 11:50

I Karl Johans gate er dei fleste travle og opptatt med sitt, og går rett forbi dei som sit stille. Dei som sit langs bakken, lent inn mot ein vegg eller noko anna for å gjere stillinga litt meir komfortabel. Nokon med eit skilt forann seg, andre med berre ein kopp. Per er ein av desse. Lent inn mot ei søppelkasse sit han, i jeans og boblejakke, og stirar ut i lufta forann seg. 


Per sit på Karl Johan i fleire timar for å tene nok til å klare seg. Foto: Hanne Mjelstad

– Januar er den verste månaden, fortel han. 

Det er kaldt, og færre stoppar for å legge nokre myntar i koppen hans. 

– Før jul sat eg ein gong i to timar, og hadde på den tida fått 2000 kroner. No får eg kanskje 600 etter ein heil dag, seier Per. 

Han fortel at skiltet hans er heilt nødvendig. Skiltet der det står at han er nordmann. 

– Utan det er det heilt umogleg, og om nokon stoppar, spør dei om eg er norsk, seier han.

Færre kjøper =Oslo

Det er ikkje berre tiggarane i Oslo som tener mindre i januar. Camilla Svingen, dagleg leiar i =Oslo fortel at dei sel dobbelt så mykje i desember som i januar. Ho meiner at dette er heilt naturleg. 

– Folk er ikkje kjipe i januar, det er ein normal mekanisme, meiner Svingen. 

Ho forklarer det minka salet med eit par enkle grunnar. I desember er det ikkje det vanlege magasinet, men juleboka dei sel. Denne kostar det dobbelte av eit vanleg magasin, og har eit godt rykte. I tillegg har dei fleire selgere på jobb i desember. Ho peikar også på folk generelt bruker meir penger i desember.

– Når ein driv butikk er det naturleg at me sel mindre i januar enn desember, seier Svingen. 

Vintermånadane er dei dårlegaste

Vidare fortel Svingen at februar og mars ofte er ganske like som januar. 

— Vintermånadane er dei hardaste, seier ho.

Ho forklarer dette blant anna med kulda, og at selgarane ikkje orker å stå ute like lenge som i sumarmånadane. Men fortel også at salet varierer blant anna med kven dei har på framsida, og kva anna dei gjer med magasinet. 

Tilbake i Karl Johan snakkar me med =Oslo-selger Aleksander. Han merkar tydeleg skilnad på salet. 

– I dag har eg solgt eit magasin. På ein tilsvarande dag i desember hadde eg kanskje solgt 30, fortel han. 

Aleksander meiner at folk er like hyggelige i januar som i desember, men at dei har lettare for å bruke pengar på ting som magasinet. 

Sjå Per og Aleksander fortelje om gatelivet i januar her: