- Etter tre nattevakter kjennes det ut som eg har fått influensa

Ny forskning knyter skiftarbeid til auka sjukefråvær. Kva gjer det med kroppen å vere på jobb når ein eigentleg skal sove?
Tirsdag, 23 januar, 2018 - 17:36

Mats Rudihagen er sjukepleiar ved gastroavdelinga på Rikshospitalet i Oslo. Til vanleg arbeider han tre nattevakter i veka.

- Om eg går fire netter på rad, då byrjar eg å slite med å snu døgnet tilbake. Så om ein er på jobb fire netter på rad, bør ein ha fleire dagar fri enn det som er vanleg i dag, fortel han til Journalen, som fekk vere med han gjennom ei nattevakt.

Øystein Vedaa har skrive ein doktorgrad om korleis turnusarbeid i helsesektoren fører til forstyrra søvn og meir sjukefråvær.

- Først og fremst forstyrrar nattskift søvnen vår. Det gjer at vi kjenner oss meir søvnig og trøtt, men nattskift er også assosiert med ulike typar kreft, særleg brystkreft og prostattakreft. Det er også assosiert med hjarte- og karsjukdommar, diabetes, overvekt og tarmsjukdommar. I tillegg kan det gi dårligare balanse mellom jobb og privatliv, og gi aua risiko for angst og depresjon, seier han.

 

Emneord: