Journalisten Jesus Medina Ezaine fotografert like etter at han vart lauslaten frå ei kidnapping som ei følgje av ei kritisk sak han publiserte. Foto: Privat

Skreiv kritisk artikkel, vart kidnappa og torturert

Frilansjournalisten Jesus Medina Ezaine vart kidnappa og skamfert etter å ha skrive ein sak om forholda i fengselet Tocoròn.
Lørdag, 12 mai, 2018 - 13:42

– Eg kan ikkje opphalde meg på offentlege stader, og eg må ofte bytte telefonnummer for at myndigheitene ikkje skal overvake samtalene mine, seier Jesus Medina Ezaine til Journalen.


Jesus Medina Ezaine. Foto: Privat

Då frilansjournalisten saman med ein italiensk og ein sveitisk journalist gjekk inn i fengselet Tocorón i Venezuela for å lage ei sak om forholda til dei innsette, vart dei heldne tilbake, fengsla og fråteke utstyret dei hadde med seg. 

Vart funne i ei grøft

Då dei seinare publiserte saka, som avdekka at fengselet var kontrollert av kriminelle gjengar, med utprega bruk av vald, vart han få dagar seinare meldt sakna.

I førekant hadde han motteke trugslar via sosiale medier. Etter å ha vore sakna i 48 timar vart han funne halvnaken og forslått i grøfta langs ein motorveg.

– Regjeringa har reagert ved å kidnappe meg, forfølgje meg og min familie, og ved fleire anledningar fysisk angripe meg. Dei forsøkjer også å kople meg til kontroversielle saker, seier Medina Ezaine.


Jesus Medina Ezaine på jobb som frilansfotograf med skotsikker vest. Foto: Privat. 

Etter at han var funnen, la han ut melding på Twitter 7. november og fortalte kva som hadde skjedd. “Dei torturerte meg og trua med å drepe meg. Eg skal halde fram med å kjempe og informere om sanninga. Eg går i ly, mitt land Venezuela.”

Frå twitterprofilen til Jesus Medina Ezaine. 

Fleire menneskerettsorganisasjonar og presseorganisasjonar har omtala kidnappinga, og krev at myndigheitene skal etterforske saka og sikre tryggleiken til Medina Ezaine. Kvardagen hans er framleis i stor grad prega av det han har opplevd. 

– Eg kan ikkje sove same stad over lenger tid, i frykt for at dei skal finne meg og fengsle eller såre meg, fortel han.

Truga familien

På eitt tidspunkt opplevde han det som for utrygt å opphalde seg i Venezuela. 

– Eg måtte forlate landet i ein periode fordi eg fekk beskjed om at dei skulle drepe meg, seier Medina Ezaine. 

Arbeidet som journalist har også fått konsekvensar for familien hans. 

– Eg har mista alt eg har opparbeidd dei siste åra. Også ein del av familien min måtte forlate Venezuela av sikkerheitsmessige årsaker etter å ha fått trugslar frå myndigheitene, seier han. 

På Twitter deler han også skjermdumpar av meldingar som inneheld trugslar han meiner myndigheitene står bak.

Under er ei twittermelding han publiserte med teksten: “Advarsel! Trugslane har byrja mot min familie og mot meg, etter publiseringa av saka “Tocorón”“

Frå twitterprofilen til Jesus Medina Ezaine. 

Må bruke skotsikker vest


Jesus Medina Ezaine med kamera. Foto: Privat

Medina Ezaise har også tidlegare motteke trugslar. 

– Eg har motteke trugslar frå myndigheitene før saka om Tocorón-fengslet, sidan eg har jobba med mange tilfeller av korrupsjon, seier han.

Korrupsjon er ifølgje Medina Ezaine eitt av dei farlegaste tema å dekkje for journalistar i Venezuela, i tillegg til politikk og sosiale spørsmål. 

Sjølv om han og familien lev med frykt for reaksjonar frå regjeringa og deira støttespelarar, er han framleis i arbeid som journalist.

På Twitter har han 162.000 følgjarar, og han brukar plattformen aktivt til å skrive om tema han dekkjer. 

– Eg jobbar framleis som reporter, men på eigen risiko, og eg må prøve å vere minst mogleg synleg. Det er mange nyheiter eg ikkje går ut for å dekkje på grunn av sikkerheitsmessige årsaker. Når eg først er ute, går eg med skotsikker vest under kleda mine, fortel han. 

– Blir ikkje angripne fordi dei er journalistar

Yudith Eddi Guerrero Abad er Venezuela sin ambassadør i Noreg. Ho seier til Journalen at det ikkje stemmer at myndigheitene står bak trugslar eller angrep mot journalistar som skriv kritiske saker. 

– Ja, det har vært angrep mot journalistar, men dette er ikkje politisk retta frå myndigheitene. Dei blir ikkje angripne under demonstrasjonar fordi dei er journalistar, men fordi politiet ønskjer å halde protestane under kontroll, seier Guerrero Abad. 

Ambassadøren meiner også at det er tilfelle av journalistar frå Venezuela som lyg om å bli forfølgt. 

– Mange journalister hevdar at dei blir forfølgt ettersom det då er lettare å få visum til andre land, seier ho.