Pressekorps under presidentvalet i 2013 då Nicolás Maduro vart president etter avdøde Hugo Chavez. Sidan den tid har journalistar i Venezuela merka auka kontroll, ifølgje Flor Santamaria. Foto: Flor Santamaria

Merka auka kontroll av journalistar

- Tidlegare fekk ein stille politikarane kritiske spørsmål. Det kan ein ikkje no, fortel tidlegare journalist frå Venezuela, Flor Santamaria.
Lørdag, 12 mai, 2018 - 13:26

Flor Santamaria er ein venezuelansk journalist busett i Noreg. Frå 2001 til 2008 arbeidde ho som spansktalande CNN- og Univision-korrespondent i Venezuela, før ho flytte til Noreg.

– Då eg arbeidde i Venezuela, var offisielle personar vanskelege å få tak i, særleg når det kom til sensitive tema, som for eksempel den økonomiske politikken dei dreiv og statistikk over kriminalitet, seier ho.

– Men ingen journalistar vart angripne eller truga, som ein ser no. No er det ei aukande polarisering og kontroll av pressa, fortel Santamaria.

Oppmodar til valboikott

Søndag 20. mai er det val i Venezuela, der innbyggjarane skal avgjere om den sitjande president Nicolás Maduro skal få halde fram som president i landet som er i djup økonomisk krise.

Men både sivilbefolkninga, organisasjonar og fleire statar er skeptiske til om det i heile teke vil vere eit reelt val. 

President Maduro har fengsla eller utestengt nokre av dei mest populære motstandarane frå å drive politikk. Han har også sett inn ei illegitim konstituert nasjonalforsamling.


Flor Santamaria. Foto: Privat

Opposisjonen var først med på å utsette valet frå april til mai, men oppmodar no om boikott av presidentvalet og at kandidatane som utfordrar president Maduro trekkjer seg, ifølgje NTB.

– Som å kome til eit anna land

I 2017 reiste Flor Santamaria tilbake for å dekke både ei uoffisiell folkeavstemning og det påfølgjande offisielle valet i landet.

Då opplevde ho store kontrastar frå då ho arbeidde der tidlegare. 

– Det var som å kome tilbake til eit anna land, fortel ho.

– Den einaste moglegheita eg hadde hatt om eg skulle jobba i Venezuela som journalist i dag, hadde vore å jobba for utenlandsk presse, seier ho.


Frå vallokalet under den uoffisielle folkeavstemninga i Venezuela i 2017. 98 prosent av stemmene var mot Maduro sin illegitimt konstituerte nasjonalforsamling. Foto: Flor Santamaria

– Journalistane som jobbar for nasjonale medium slit. Det er også vanskeleg å jobbe for utenlandske medium, då det er fleire som har blitt utestengt. Men det er ingen tvil om at det er lokale medium som har det mest vanskeleg, seier Santamaria.

Låg tillit til media

Tilliten til media er låg i Venezuela, ifølgje Santamaria. Dei fleste mediehus i landet er statleg eigd.

– Myndigheitene kontrollerar både dei nasjonale statlege eigde mediehusa og lokale medier. Dette vaks fram under heile Chavez si tid, men har blitt ytterlegare forsterka den siste tida. Mange søkjer seg til sosiale medium for å få balansert informasjon, men det er ikkje alle som har tilgang på internett, seier Santamaria.

Ifølgje ein rapport frå Espacio Público, ein ikkje-statleg organisasjon som jobber for å fremje ytringsfridomen, var det i 2017 heile 1002 tilfeller der journalistar og mediefolk vart hindra på ulike måtar, gjennom mellom anna trugslar, vald og trakassering.