INTERNASJONALE INNSLAG: Hari Pirajan og Nanthitha Valluan var eit av fleire internasjonale innslag som var mogeleg å få meg seg under helgas begivenheitar.
Globaliseringskonferansen

Makt og avmakt

Over helga fekk interesserte frå heile Noreg, og verda, oppleve det friske haustvêret Oslo har å by på. Til tross for vindkast utover dagen, summa det jamnt i, og utanfor Jakobskyrkja der den semi-årlege Globaliseringskonferansen vert haldt.
Onsdag, 17 oktober, 2018 - 13:57

Den hovudsakleg venstrevendte konferansen er blitt arrangert 12 gongar, med oppstart ved milleniumsskiftet, og har i hovudsak teke opp prolemstillingar rundt marknadsmakt og kapitalisme. Temaet, makt, vart diskutert i plenum og i private møter, med førelesarar som rangerte frå professorar i historie til representantar frå religiøse-, politiske-, og andre ideelle organisasjonar.

– Me hadde jo mange interessante og spanande gjester i år, men min favoritt var nok Vandana Shiva, ho går reitt inn i hovudtemaet i år, då ho snakka om makt, feminisme, primærnæringa, og småbondar, fortel Are Einari Björklund Skau, styreleiar av Norges sosiale forum, som står som arrangør av konferansen.

Med dags- eller helgepass kunne deltakarar få med seg føredrag frå blant anna Knut Nærum og øverlevarar etter det spanske Franco-regimet. Interesserte kunne òg få med seg ei rekkje filmvisningar, konsertar, og ande kulturelle innslag, både i, og utanfor kyrkja. 


Nanthitha Valluvan spelar venai på Globaliseringskonferansen. 


Preben Rostgaard Kise arbeidar til dagleg som barista. Med lånt kaffikvern frå arbeidsplassen, og eit sortiment av importerte bønner, stod han klar utanfor Jakobskyrkja for å gje deltakarane ein oppvekkjar.


–Me passar nøye på kva kyrne spis, forskjellen det gjer på osten er heilt enorm, forklårer Yvonne Tonnaer, som flytta frå Nederland for å starte småbruk i Vestre Sildre. 


PUST I BAKKJEN: Hans Morten Haugen tek seg ein pause i det såkalla fredsdepartementet, ei lita bod sett opp av Internasjonal Kvinneliga for Fred, i samband med ei førelesing neittopp om temaet fredsdepartement. 


Eva Sandersen Aronsen frå SV/SU les veggtavlene på Globaliseringskonferansen 2018 iført samedrakt.