Tette duellar på treninga til OSI handball. Foto: Mari Sollid Eide

Stor jenteinteresse i studentidrettar

Studentidrettslaget OSI opplev stor interesse etter skulestart. Spesielt stor er interessa frå jenter.
Onsdag, 17 oktober, 2018 - 09:41

Både handballgruppa og innebandygruppa til OSI (Oslostudentenes Idrettsklubb) opplev svært stor interesse i forbindelse med skulestart.

– I år som tidlegare år har det vore veldig stor interesse for å bli medlem i OSI handball. Vi har hatt veldig stor pågang på prøvetreningane våre i august, spesielt på damesida, fortel Martin Sikkeland frå OSI handball.

Sprengt kapasitet

Totalt har handballgruppa sju fulle lag; fire damelag og tre herrelag. Sprengt hallkapasitet gjer at dei ikkje kan gje eit tilbod til alle som er interesserte. Sikkeland kan fortelle at handballgruppa har hatt rundt 120 jenter på prøvespel, der 32 av desse vart tatt opp som nye medlemar.

– På damesida har vi heilt sprengt kapasitet. Vi har måtte seie nei til om lag 90 jenter, og vi kunne slik sett fylt opp 5 nye damelag dersom vi hadde hatt kapasitet til det, fortel Sikkeland.


Mange jenter vil vise seg fram på treninga til 3. og 4.divisjonslaga til OSI. Foto: Mari Sollid Eide.

Dobla antal damelag

Også innebandygruppa fortel om auka interesse etter skulestart.

– Det har vore stor interesse i forbildelse med skulestart, spesielt på damesida. Vi har nærare dobla talet damespelarar, og auka frå eit til to damelag denne sesongen, fortel Karine Vifstad frå OSI innebandy.

I motsetning til handballgruppa som har sprengt kapasitet, seier Vifstad at det alltid er plass til dei som vil spele.

– Vi har alltid plass til nye spelarar, seier Vifstad.