Nytt konsept for Il Barbera

I slutten av oktober går Sam Martiya av som dagleg leiar på Il Barbera. Amir Modjtabaei tar no over baren for å lage eit nytt barkonsept. - Vi håpar at vi kan gjere dette til ein av dei beste utestadane i Oslo, seier Modjtabaei.
Onsdag, 17 oktober, 2018 - 14:10

 


- Eg trur ikkje vi kjem til å endre så mykje enda, fram til vi lagar eit nytt konsept. 

Før den tid, treng den nye eigaren tid til å verte kjend med området. Modjtabaei er opprinneleg frå Göteborg, og har dei siste åra budd i Toronto. Han ynskjer å blande erfaringar frå ulike stadar, og skape eit heilt eige konsept.

Vil skape ei ny kjensle i utelivet

Modjtabaei er løyndomsfull om dei vidare planane.

–Vi har vore ganske stille om dette den seinaste tida. Seinare kjem det jo sjølvsagt planar om eksakt kva vi skal gjere, men enn så lenge kjem baren til å fortsettje slik den har vore tidlegare. Vertfall fram til nyttår.

Tidlegare har han arbeida som eigedomsmeklar, men han ynskjer no å skifte beite.

–No vil eg gjere noko anna. Kor lenge eg held på, veit eg ikkje. Det kan vere fem år, ti år, eller resten av mitt liv.

Eigaren har også tidlegare jobba i bar, men ikkje som dagleg leiar, som han no skal. Då han fann Il Barbera for sal bestemte han seg for å skape ei ny kjensle i utelivet i Oslo. Det som interesserer han med utelivsbransjen er alt det sosiale ved det. 

–Å drive bar er ein annan måte å kommunisere med andre, og å jobbe med folk. Ein slapper av på ein heilt anna måte når ein er ute på byen. Eg vil forsøke å skape eit miljø der alle kjenner seg velkomne, seier Modjtabaei.

For han er det viktigaste å vise hensyn og respekt, dele, og prate med kvarandre.

–Ikkje berre komme inn og setje seg i hjørnet for å drikke seg full aleine. Vi treng litt meir av dette i skandinavia, tykkjer eg, fortel Modjtabaei.

Negative anmeldelsar

Tidlegare har baren fått miksa anmeldelsar på nett. Sjølv om dei fleste anmeldelsane er positive, fins det ein liten stabel dårlege. Piotr Sielski er ein av fleire som har vist misnøye mot baren på nettet. Han fortel at han eigentleg tykkjer baren er hyggjeleg.

–Det er ein koselig stad, og eg har vore der nokre få gongar. Erfaringa mi var ok fram til siste gongen eg var der. Etter det har eg ikkje vore der igjen, fortel Sielski. 


Screenshot frå Facebook

Han har ikkje noko spesielt forhold til eigarane, og påpeiker at det berre var vakthaldet som ikkje behandla han og venene bra denne dagen. Likevel er han skuffa over at ledelsen aldri gjorde noko med dette sjølv om han la ut sin negative meining på facebook.

–Eg ynskjer dei nye eigarane lukke til, og håpar dei vil gjere ein innsats for å svare kundeanmeldelsar i framtida.

Modjtabaei seier at dei vil gjere sitt beste for å gjere alle kundar nøgde, men påpeiker at alle har si eiga meining.

–Det er sjølvsagt ikkje bra at nokon er misnøgde. Vi har mange stamgjestar som trivst godt, også kjem det heile tida nye menneske som aldri har vore her før. Då skjer det kanskje at ikkje alle likar baren like godt, fortset han. 

Sam Martiya, som no går av som eigar, ynskjer meir detaljar om hendinga Sielski skildrar.

–Eg tar dette opp med vaktselskapet Vaktia, som er ansvarleg for vakthald hos oss.

Spent på nye endringar

Cecilie Hofstad er ein av stamkundane på Il Barbera.

–Eg har vore på Barbera for mange gongar til at eg har tellinga. Alt frå AW (etter arbeid), til bransjekveld, fortel ho.

Il Barbera ligg nært arbeidet hennar, og det er lett å gå dit med kollegaer og vener.

–Eg er veldig glad i staden og alle som jobbar der. Eg kjenner den gamle eigaren, som er ein herleg kar. Eg har òg møtt dei nye, som også verkar som nokre sabla bra folk, fortset ho. –Det vert spanande å sjå om det vert nokre endringar. 


Il Barbera sett utanfrå  

Planen til Modjtabaei er å fortsetje med studenttorsdagar som tidlegare, forløbig.

–Eg trur ikkje vi kjem til å endre så mykje på dette enda, før vi har klart eit nytt konsept, fortel Modjtabaei.

–Men som sagt, det er for mykje snakk no. Det er for tidleg å prate, om alt går heilt feil, avsluttar han.

Il Barbera har vanlegvis 20 års aldergrense, og ligg på Filipstad Brygge 1 ved Aker Brygge. Utestaden held open heile veka.

 

Emneord: