Espen Hinsch og Brage Eriksen starta opp bedrifta si saman medan dei tok bachelorutdanninga si. Foto: Malene Savland

Gründerbedrift med éit produkt til sju land

HappyNorwegian går inn i sin andre vintersesong med gode forutsetningar for salet.
Tirsdag, 27 november, 2018 - 18:45

Espen Hinsch og Brage Eriksen leverte tidlegare i år bacheloroppgåva si i Entreprenørskap og økonomi, og har no gode forutsetningar for sin andre vintersesong med bedrifta HappyNorwegian. Dei sel utstyr for enkel ski-preparering.

Lever av bedrifta

– Vi har vore gjennom ein vintersesong. Då var vi studentar, og måtte sjonglere det ved sida av eksamen. No lever vi av bedrifta, etter at vi leverte inn bacheloren tidlegare i år, seier Espen Hinsch.

Espen Hinsch (24) og Brage Eriksen (24) møttes då dei begge tok bachelorutdanninga «Entreprenørskap- og økonomi» på Handelshøgskulen BI. Dei starta med noko så enkelt som å gå dør til dør med preppeutstyr i ryggsekken, for å preparere folk sine ski. Der såg dei at folk hadde veldig mange forskjellige ski, og alt for dårleg system for eige vedlikehald av skia sine.


Espen Hinsch og Brage Eriksen kan no leve av bedrifta dei starta opp. Malene Savland

Behov for produktet

– Vi såg vel eigentleg eit behov for produktet vi starta utviklinga av, seier Espen Hinsch.

Dei to unge gründerane selde i førre sesong produktet Mr.Gripy til 80 butikkar i Noreg, i tillegg til å selje det på si eiga nettside. Sjølv om dei jobbar kontinuerleg for å finne på nye produkt, er det i hovudsak å forbetre det første produktet som står i fokus. Til vintersesongen som kjem har dei fått seld produktet til sju land, i tillegg til fleire sportsbutikkar i Noreg.

Rimeleg alternativ

– Mange som ikkje preppar ski tykkjer jo kanskje det er litt dyrt med to plastklossar med gummi over og under, seier Hinsch, men legger til at tilsvarande løysningar for både langrenn- og alpinpreparering kostar tre til fire gongar så mykje totalt. Dermed er produktet rimelig i forhold til konkurrentane.

Emneord: