Snøkanonen står klar til bruk i Holmenkollen. Foto: Mari Sollid Eide.

Ventar på kuldegrader

Alt er klart for ein ny skisesong i Oslo-området. Det einaste som manglar er minusgrader.
Mandag, 5 november, 2018 - 14:15

Det første snøfallet kom for om lag ei veke sida. Då kom det såpass mykje snø at Skiforeninga fekk preparert skiløyper med klassiskspor tre stader i Oslo-området. Den snøen forsvann fort, så no ventar Anette Bjerke Kolderup og Hege Blichfeldt Sheriff i Skiforeninga på kuldegrader. 


Skiforeninga er klare for ny skisesong. Frå venstre: Anette Bjerke Kolderup og Hege Blichfeldt Sheriff. Foto: Mari Sollid Eide

Håpar å kome i gong innan 15. november

– Vi har testa snøkanonane og veit dei fungerar. No ventar vi berre på minusgrader slik at vi får produsert snø og får klare skiløypene. Vi håpar at produksjonen av snø kjem i gong innan 15. november, seier Kolderup. Ho er ansvarleg for snøproduksjonen i Skiforeninga. 

– Dersom vi får ei lita veke med samanhengande kulde, skal vi ha klare løyper, legg løypeansvarleg Sheriff til. 

Kolderup fortel at det blir produsert om lag 15.000 kubikkmeter med snø kvar skisesong. Produksjonen av kunstsnø kombinert med natursnø gjer at ein vanleg skisesong i hovudstaden varar rundt 5 månadar; frå tidleg desember til april.

Vil ikkje erstatte sommar med vinter

På Sjusjøen var skiløypene klare 28. september, i følge facebooksida til skisenteret. Så tidlig ønsker ikkje Skiforeninga å ha løypene klare i Oslo. 

– Vi ønsker ikkje å erstatte sommar med vinter ved å ha skiløyper klare i sommarhalvåret. Vi vil heller sikre ein skikkelig vinter, og har derfor ikkje mål om snø i haustferien. Eg vil understreke at vi ikkje konkurrerar med Sjusjøen, fortel Kolderup.

Det er ikkje berre kulde som må til for å få skiløypene klare. Vel så viktig som minusgrader, er arbeidet med løypeunderlaget på sommaren. 

– Det viktigaste løypearbeidet skjer på sommaren. Då skjer grunnarbeidet med løypene, og vi planerer terreng. Dette gjer at vi får gode underlag, og vi treng då ikkje så mykje snø før løypene er klare, fortel Sheriff. 

Dobla løypekøyring

Skiforeninga har totalt åtte anlegg dei har ansvar for, og i fjor vart det køyrd 54.000 kilometer løyper i løpet av vinteren. 

– Forrige sesong var veldig god. Vanlegvis køyrer Skiforeninga mellom 20.- og 30.000 kilometer med løyper. I fjor køyrde vi det tilnærma det dobbelte, seier Sheriff. 

Korleis årets skisesong blir, gjenstår å sjå.