Flaskene med plastemballasje på Vinmonopolet blir merkt som "Miljøsmart emballasje". Foto: Malene Savland.

Vin på plast skapar reaksjonar

Tidlegare i år starta Vinmonopolet å produsere vinflasker på plast. Desse blir reklamert for som «miljøsmart emballasje», men dette er det ulike meiningar om.
Onsdag, 28 november, 2018 - 10:42

Mette Nygård Havre frå folkebevegelsen “Spis opp maten” og markeds- og kommunikasjonssjef i Sirkel.no, Gunhild Solberg, reagerer på emballasjen. Dei er begge motstandarar av for mykje plast i samfunnet, og tykkjer Vinmonopolet må sjå på miljøskadene i det store biletet. 

Journalen har fått Daniel Fjellgård, ekspeditør på Vinmonopolet på Bislett, på telefon. Han fortel at kundane er fornøgd med miljøsmart emballasje som eit alternativ, både på grunn av miljøet og av andre grunnar. 

Journalen lykkast ikkje i å få tak i miljørådgivar for Vinmonopolet, Rolf Erling Eriksen. Infinitum kommenterar at det vil komme pantemerke på PET-flaskene, og at dette er under prosess per dags dato.