Sondre Hansmark, leiar i Unge Venstre, meinar det er skremmande at staten vil få meir makt over kvart enkeltindivid. Foto: Malene Savland

Regjeringa vil innskrenke personvernet for Noregs sikkerheit

Regjeringa vil innføre "digitalt grenseforsvar" i Noreg, men veit folk nok om dette til å ha ei meining om det?
Torsdag, 14 februar, 2019 - 01:12

Eit digitalt grenseforsvar vil seie at all datatrafikk som går ut av landet vil bli lagra og overvåka av staten. Dette inkluderar alt i frå personlige meldingar til søk på google. 

Regjeringa la frem fram eit lovforslag føre jul som var open for det nye systemet, men Datatilsynet har meldt seg negative til forslaget. 

Kvar går grensa mellom Noregs sikkerheit og kvar enkelt persons privatliv? Sondre Hansmark, leiar i Unge Venstre, trur ikkje folk flest har nok kunnskap om denne saka, og er redd for kva retning denne utviklinga kan ta. 

Journalen har også snakka med Torgeir Waterhouse, internett-direktør i IKT-Norge, som forklarar kva digitalt grenseforsvar går ut på. 

Michael Von Tetzschner frå Høgre kan melde om at det vil komme eit nytt lovforslag basert på Datatilsynet sitt høringssvar, men vil ikkje uttale seg meir om dette.