BRUKTHANDLAR: Markus C. Løveid driv butikken Retro Antikk i bydel Gamle Oslo, no er han medarrangør for bruktmarknaden på søndag. Foto: MARIE KNUTSEN BRUNTVEIT
VINTAGE I GAMLE OSLO:

Bruktmarknad på Bruket

Det nystifta Oslo Brukthandelforening arrangerar for fyrste gang bruktmarknad på Bruket denne helga.
Fredag, 23 november, 2018 - 15:38

Markus C. Løveid er ein av dei 16 forhandlarane som deltek på marknaden.

– I denne samanheng er dette fyrste gang me arrangerar bruksmarknad, men me har hatt noko som heiter Affæren tidlegare, som var ei julemesse fire gongar i året, men då var det mykje meir lausleg, forklarar Løveid. 

Facebook arrangementet til hendinga har, i skrivande stund, over 17000 interesserte, og 960 påmeldte.

– Me har nesten ikkje turd å marknadsføre det, om du ser på Facebook arrangementet, er det over 17 000 interesserte, og nesten 1000 som har trykt at dei skal, så me ser jo at engasjementet er der, seier han. 

Med engasjementet frå offentlegheita har arrangørane blitt nøydd til å hyre inn vakthald for å sikre at arrangementet går slik det skal.

– No har me stifta Oslo Brukthandlarforeining, og prøvar å organisere det på eit større plan. 

Ida Kviteberg, arrangementskoordinator på Bruket, står, saman med institusjonen, som arrangør og engasjementstakar for arrangementet. 

– Me har, sidan me fekk arrangementslokala i august, hatt lyst til å få til fleire arrangement her. Eg er jo sjølv glad i bruktmarknadar og brukt generelt, og tenkte at det kunne vera kjekt å involvere bydelane i noko slikt, forklårar ho.

Kviteberg har hatt eit sentralt ansvar i å velgje ut brukthandlarane som er med på søndag, der blant anna Fretex Grønnland og Retro Antikk har bodar.


REISAR LANGT FOR EIN LAMPE: Løveid og kona reisar gjerne eit par timar for å finne antikke skattar. Foto: MARIE KNUTSEN BRUNTVEIT

Lampar og 60-tals dingsar

Sjølv driv Løveid og kona ein brukthandlar ikkje lange strekninga frå Bruket. 

– Me har samla på brukt og antikk i fleire år, og i april fekk me opna butikken vår, forklårar han. 

Brukthandlaren, som berre held open på søndagar, er driven av Markus og kona, som reisar over heile landet for å kjøpe varer på auksjon og utsal.

– Me har samla i eit par år, og har drive sal på privat basis, forklarar Løveid. 

I utgangspunktet er paret samlarar, og ynskjar å spreie vintageengasjementet til så mange som mogeleg. 

– For oss er det ein hobby-jobb, om ein kan kalle det det, både eg og kona har jobb ved sida av butikken. Me samlar mest på, og sel mest av lampar, småmøblar og keramikk, som me ser at folk er mest interessert i, hevdar Løveid.

Løveid slår fast at dei har merka ei stor befolkingsvekst i bydelen, spesielt då unge par. 

Bydel Gamle Oslo har, dei siste åra, hatt ei stor befolkingsvekst av folk i arbeidsfør alder, altså mellom 20-49 år. I følgje Oslo kommune er 62% av bydelsbefolkinga i denne aldersgruppa. 

– De siste fem års flyttetendens viser en netto utflytting av barn under 16 år og 30-49 åringer. Det er særlig høy netto innflytting i aldersgruppen 20-29 år, slår Oslo kommune fast i ein rapport frå 2016.