Lørdagsrådet på OsloMet

Lørdagsrådet fra NRK P3 hadde sin sending på OsloMet onsdag 9. oktober i anledning verdensdagen for psykisk helse. Her kunne studentane stille eigne problemløysingar som panelet skulle prøve å finne ei løysing på.
Fredag, 12 oktober, 2018 - 11:33

Programleiar Live Nelvik tok med seg kjente fjes som Harald Eia og Alexandra Gjerpen, men hadde også fått med seg ein student i panelet. Bjørn Harald Hegreberg Garborg studerar sjukepleie på OsloMet, og fekk gode tilbakemeldingar frå komikarane etter sendinga.

Nelvik trur mange kan kjenne seg att i problema som blir stilt i Lørdagsrådet, og at det kan vere godt å vite at ein ikkje er aleine om dei. Sjølv om det har blitt ein slags trend å stå fram om problema sine, meiner ho at det er ein stor fordel at ein får lov til å vere anonym i radioprogrammet.


“Lørdagsrådet” livesending på OsloMet med studentar som tilskodarar. Frå venstre: Bjørn Harald Hegreberg Garborg, Alexandra Gjerpen, Harald Eia og Live Nelvik. Foto: Malene Savland