GRATIS: Showet på Cosmopolite scene torsdag kosta ingenting . Foto: Bendik Rise

Gratis behandling

Morten Ramm og Vegar Tryggeseid inviterte til gratisshow på Torshov. Det vart stor suksess.
Fredag, 25 november, 2022 - 13:12

Torsdag var det fullt hus på Cosmopolite scene. Podkasten Må på behandling hadde livepodkast med fleire gjestar. I tillegg var det heile gratis.

– Det er veldig fint med gratis arrangement når det er tøffe tider for mange, seier Iver Vattøy, som var på showet saman med nokre venner.


FORNØGDE: Dei fire kompisane synes showet svara til forventningane. (F.v. Henrik Sandnes, Asbjørn Vattøy, Iver Vattøy og Martin Haanes. Foto: Bendik Rise Foto: Bendik Rise

– Dyrt å gå ut

Slike show kostar som regel litt, spesielt når det er fleire profilerte ansikt som arrangerer. Morten Ramm og Vegar Tryggeseid er kjende for mange, men dei meiner at det er hyggelig å gjere noko slik.

– Ting er dyrt, og det vert dyrare også. Derfor synes eg det er deilig å arrangere noko gratis for ein gongs skuld, seier Ramm.

Han fortel at eit slikt show til vanleg hadde kosta mellom 350 og 400 kroner. Når det då er gratis, var Ramm sikker på at billettane ville forsvinne raskt.

– Billettane var solgt på nokre få minutt.

Partneren Tryggeseid var heller ikkje i tvil om at det skulle verte suksess.

– Folk elskar når ting er gratis. Det kan du sitere meg på, seier han med sine karakteristiske humortrekk. Dei lovar også nye grattisshow til våren.


DUO: Dei to karane styrte showet frå scena og fekk besøk av fleire gjestar. Foto: Bendik Rise

Spøkar med alvorlege tema

Showet besto naturlegvis av humor i ulike former. Det var alt frå powerpointpresentasjonar, rap, standup og koseprat. I tillegg var dei også innom komikarar som har gått over streken den siste tida.

– Vi håper at publikum tåler vitsane våre. Vi meiner uansett at vi ikkje trakkar nokon på tærne med humoren vår, seier Ramm.

Rasisme er også noko som har vore mykje prata om den siste tida. Komikarane er likevel ikkje redde for at dei skal gå i same fella som sine kollegaer.

– Det har aldri glept noko ut frå oss. Vi treng på ein måte ikkje å passe oss fordi vi veit at vi ikkje er rasistar, avsluttar dei.

Emneord: