Bonde på deltid

Bondeyrket gjev i snitt 147 000 kroner i året.
Torsdag, 15 april, 2010 - 15:11


Denne veka aksjonerte Norges Bondelag framfor 350 matbutikkar i Noreg for å få merksemd før jordbruksoppgjeret.

 - Regjeringa må halda løftet om å minska lønnsgapet mellom bønder og andre yrkesgrupper, sa leiar i Norsk Bondelag, Nils T. Bjørke, til Journalen.

Tal frå SSB viser at ein gjennomsnitts-gardbrukar i 2008 hadde 147 000 kroner i næringsinntekt. Dette er ei auke på åtte prosent frå førre år. Berre 13 prosent av bøndene får nesten all inntekt av gardsdrift aleine. Dei fleste bønder har arbeid utanfor garden.

- Jeg har aldri målt arbeidstiden som bonde, men pleier å si at jeg jobber heltid med en jobb ved siden av, fortalde Geir Ljøgodt E24 i 2008. Han klarar fint å kombinera arbeidet som bonde og reknskapsførar.

Emneord: