Gardermoen open mandag 19.april

NTB: Oslo Lufthavn Gardermoen har mandag opna for avgrensa trafikk mot nord og vest, men opninga kan bli mellombels.
Mandag, 19 april, 2010 - 08:26


Ifølgje NTB opna Gardermoen for flytrafikk til norske flyplassar i nord og vest mandag morgon. Det er foreløpig fleire fly som er satt opp til å ta av enn det er som skal lande.

Kortvarig glede

Elles i Europa er mange flyplassar framleis stengde. Dagbladet.no meldte sundag kveld om ei ny askesky som er på veg mot Sør-Norge.

Ikkje møt utan bekreftelse

På sin nettstad skriv Gardermoen at passasjerar ikkje treng møte på flyplassen før dei har fått bekrefta frå sitt flyselskap at flyet går. Ytterlegare informasjon kan du få ved å kontakte ditt flyselskap.

Emneord: