Lærarane kan sjå alt

Læringsplattforma Fronter gjer lærarar istand til å sjå langt fleire av dine elektroniske spor enn du kanskje er klar over.
Onsdag, 7 oktober, 2009 - 10:26


Fronter er ei plattform for samarbeid og læring på nett, som blant anna brukast til å levere oppgåver, sende og motta epost, og gi og motta informasjon.

Dei fleste som har vore student etter årtusenskiftet, har vore innom læringsportalen eller liknande system, anten i grunnskule, vidaregåande skule eller ved høgare utdanningsinstitusjonar.

Statistikk over aktivitet

Noko kanskje dei færraste har tenkt igjennom, er at kvart tastetrykk legg att elektroniske spor, som såkalla eigar av eit Fronter-rom vil kunne sjå om ho ynskjer.

Til dømes kan eigaren sjå kva for dokument du har lese, og kortid du har opna lenkja.

Førstekoordinator for Fronter ved HiO, Bjørnar Holm, bekrefter at denne funksjonen eksisterer.

– Om eigaren av eit rom høgreklikker på ei lenkje, får ho valet statistikk. Der kan ho sjå namn og tidspunkt på dei som har opna lenkja.

Holm nemner òg at dersom ein brukar har klikka på ein link vert dette registrert, sjølv om det ikkje er einsbetydande med å ha opna dokumentet.

– Der fins fire ulike rettar i Fronter. Dei er eige, slette, skrive og lese, seier Bjørnar Holm.

Ifølgje Fronter sin eigen brukarmanual, som ligg tilgjengeleg på læringsplattforma, kan dei med eige- eller sletterettar blant anna sjå ei oversikt over all aktiviteten til ein elev.

I tillegg kan dei finne opplysningar om kven som har lese ei lenkje, og kortid dei sist gjorde det.

Overraska

Lærarstudent Rune Vigedahl Svendsen var ikkje klar over kor mykje lærarane kan sjå.

– Eg syns det er merkeleg at dei har så stor tilgong. Det aukar ikkje akkurat min tillit til HiO at lærarar i teorien kan spionere på mi minste røyrsle.

Dersom til dømes ein student leverer utanfor den tiltenkte mappa for ei innlevering (då altså i eit rom som er ope for fleire), vil alle andre studentar med tilgong til denne mappa, kunne opne dokumentet.

– Kva om læraren klikkar seg inn og ser av statistikken at fleire studentar har lese kvarandre sine oppgåver, er det då juks? spør Svendsen.

Nyttig for studentane

Høgskulelektor ved journalistutdanninga på HiO, Yngve Benestad Hågvar, tykkjer ikkje jukseargumentet er relevant.

– Vi har andre metodar for å avdekke plagiat. Om noko, så kan funksjonane i Fronter gå i studentane sin favør. Eg kan til dømes sjå kor mange som har lese informasjonen eg har lagt ut, og dermed bestemme kor nøye eg må gjennomgå den aktuelle informasjonen i timen. Det er ikkje dermed sagt at eg nyttar funksjonen.

Meir informasjonen om kva tilgongar eigaren av eit Fronterrom har, kan du finne i brukarmanualen til Fronter eller på læringportalen sine heimesider.