Lever i uvisse

Om to månader blir husleiga fleirdobla for tusenvis av leigetakarar i Oslo. Bjørn Gjerstrøm (70) fryktar han må flytta frå barndomsheimen.
Torsdag, 22 oktober, 2009 - 13:08


– Det er i frå 1916. Steinway og Sons lagar kvalitet, veit du, seier Bjørn Gjerstrøm og let handa stryke lett over pianoet.

Det har følgt han gjennom livet. Her i stova på Majorstua lærte han å spele piano som fireåring. Musikken sit i veggane, slik blir det når mor er musikkpedagog og far er komponist. Men i dag er det eit uroleg drag over Bjørn Gjerstrøm. Han rister på hovudet, sukkar:

– Tenk om eg må flytta pianoet. Då blir det øydelagt.

300 prosent auke

Bjørn er ein av mange som ligg vaken om nettene, i kamp med tankar om framtida. I 1936 signerte mor og far til Bjørn leigekontrakten for husværet på 100 kvadratmeter. Husleiga vart regulert av ei kommunal husleigenemd, noko som garanterte ein pris under marknadspris. Regulering av leigemarknaden har røter tilbake til 1910-talet i Noreg, men i dag er det berre førkrigsgårdar i Oslo og Trondheim som har regulert husleiga. Frå 1. januar 2010 opphører denne reguleringa, og fleire tusen leigetakarar vil oppleve at husleiga blir skrudd opp, nokre med opp mot 300 prosent, ifølgje tal frå Leieboerforeningen.

– Eg veit enno ikkje kva husleiga for januar blir. Eg reknar med den havnar på rundt 18 000 kroner, men det kan fort bli meir, seier Bjørn Gjerstrøm.

Han finn trøyst i musikken.

– Det hjelper å sitja med pianoet, sjølv om det ofte blir til at eg speler sørgeleg musikk.

Han arbeider framleis som komponist, et yrke som ikkje gjer han rik. Han tener under 200 000 kroner i året, og tviler på han vil ha råd til ei auka husleige.

Staten sponsar private

– Eg fryktar at Oslo blir ein by berre for dei med relativt mykje pengar, seier Ingar Brattbakk, som har forska på konsekvensane av lovopphevinga. I ein rapport frå 2007 for Norsk institutt for by- og regionsforskning (NIBR) anslår han at det er 3500 personar med regulert leigekontrakt i Oslo. Eit fleirtal av desse er eldre som bur åleine.

– Talet har nok gått litt ned, men sannsynlegvis er det nok framleis over tusen leigetakarar som har slik kontrakt, seier Brattbakk.

NIBR-rapporten estimerer at 1500 leigetakarar vil få problem med å betala auke husleige. Oslo kommune har inngått eit spleiselag med regjeringa om å hjelpa dei som får problem å betala husleiga frå 1. januar. Tilskotsordninga set eit tak på 100 000 i nettoformue, og skal sikra at einslege sit igjen med 7000 kroner etter husleiga er betalt. Ingar Brattbakk ser fleire problem med ordninga, der pengane går via boligkontoret til NAV.

– Mange eldre fortalde i intervju at dei ser på å ta imot stønad som nedverdigande. Dessutan kan ein spørja seg om det er rett at staten skal sponsa private huseigarar, seier Ingar Brattbakk.

Usikre tal

Sofia Gottheil har snakka med mange eldre som blir råka av husleigeauken.

– Dei fortel at dei ligg søvnlause om nettene. Dei er fortvila, sinte, seier Gottheil som er prosjektmedarbeidar for Bydel Frogner. I juni opna dei ein informasjonstelefon. Dei skal informera om kompensasjonsordninga, men i løpet av fire månader har Sofie Gottheil berre besvart rundt 200 oppringingar. Det finst ikkje noko sentralt register over dei regulerte husleigeforholda.

– Dei fleste som ringer fell utanfor krava for kompensasjon. Mange har ei hytte eller liknande, som gjer at dei går over kravet om formue, seier Gottheil.

– Kompensasjonsordninga gjer folk til sosialklientar. Eldre flytter heller ut enn å stå fram for å få hjelp. Når dei høyrer ordet “sosialkontoret” tenkjer dei “fattighuset”, seier Atle Bakken, nestleiar for Aksjonsgruppen, som representerer leigetakarar i husleigeregulerte bustader.

– Staten har starta ein deregulering, men dei veit ikkje kven som blir berørt, seier Bakken. Han meiner opphevinga av loven fører til uverdig handsaming av eldre.

– Bustadspekulantar kjøpte opp billige regulerte kontraktar på 80-talet. Leigetakarane har oftast stått for alt vedlikehald, mange har budd der heile livet. Så skal dei kastast ut som pensjonistar, seier Bakken.

“Eit vell av tragediar”

Hans Petter opplevde å måtte flytte ut frå barndomsheimen som pensjonist.

– Flytteperioden var forferdeleg. Eg måtte velje ut kva eg kunne behalde, og kva eg måtte kaste. Det vart til saman sju turar til avfallsstasjonen, seier Hans Petter og ser seg rundt den tett møblerte stova. Han ønskjer ikkje å stå fram med fult namn eller bilete, fordi “eg kjenner så mange her i området, eg vil ikkje bli knytt til noko negativt.”. Han flytta frå husværet på 135 kvadratmeter som familien hadde budd i gjennom tre generasjonar. No bur han på 42 kvadratmeter, to minuttars spasertur frå barndomsheimen.

– Eg har vore heldig, eg trivest her. Eg er så glad eg slapp å flytte langt, det er trygt og fint å bu her på Frogner, seier Hans Petter. Han trur ikkje alle vert like heldige som han.

– 1. januar kjem mange til å måtte flytte. Kvar skal dei gjere av seg? Me kjem til å få eit vell av tragediar framover.

 


– Det hjelper å sitje med pianoet, sjølv om det ofte blir til at eg speler sørgeleg musikk, seier Bjørn Gjerstrøm som framleis arbeider som komponist. Foto: Maria Lavik

 

Fakta | husleigeregulering i Noreg

  • I 1915 greip det offentlege for første gong inn for å regulere husleigenivået.
  • I 1967 kom lov om husleieregulering for bustader. Førkrigsgårdar i Oslo og Trondheim får fastsett ei regulert husleige av ei kommunal husleigenemnd.
  • Det er usikkert kor mange bustader som har regulert husleige. Norsk institutt for by- og regionsforskning estimerte i 2007 at dette gjeld 3500 leigeforhold. Huseierenes Landsforbund meiner talet er rundt 1000.
  • I 1999 vedtok Stortinget å avvikle lova om husleieregulering, over ein periode på 10 år. Husleigene har i denne perioden auka med 15-20% kvart år.
  • 1. januar 2010 blir desse husleigene sett opp til ”gjengs leie”, som er ein gjenomsnittsleige for liknande husvære.

Kjelde: Leieboerforeningen, Store Norske Leksikon, HuseierenesLandsforbund.

 

 

Hans Petter makta ikkje ei husleigeauke frå 9200 til rundt 25 000 kroner, og måtte flytta frå barndomsheimen. Foto: Maria Lavik

 

Emneord: