Stiller til valg: Agnes Dorich. FOTO: Ola Vogstad Vatn

Vil ta betre vare på internasjonale studentar

Agnes Dorich er ein av 71 kandidatar som stiller til val til studentparlamentet.
Onsdag, 8 november, 2017 - 15:55

- Eg vil jobbe for at HiOA skal nå FN sine bærekraftsmål, internasjonal studentsolidaritet og at høgskulen ikkje skal samarbeide med bedrifter som bryt menneskerettane, seier Agnes Dorich, som stiller til val i studentparlamentet som blir avgjort i morgon.


Dagen før valget: Agnes Dorich sammen med medstudenter Anja Bergum og Oda Marie Stey. Ola Vogstad Vatn

Alle studentar ved HiOA har stemmerett under studentparlamentsvalet, som er skulen sitt øvste studentpolitiske organ, men ein kan berre stemme på kandidatar frå sitt eige fakultet, ifølgje HiOA sine nettsider. Totalt 71 personar har stilt til val.

- Vi vil ha billegare turar, svarar ein gjeng frå Idrett, friluftsliv og helse, på spørsmålet om kva dei ønskjer å betre på HiOA.

Dei må betale sjølv for å reise på turar som er ein del av arbeidskrava dei må gjennom på studiet. 


Fra høyre: Vladan Milojevic, Mohamed Elghaouti, Luka Dimitrijevic, Haris Orucevic, Emilian Kruszka og Mirnes Harbas. FOTO: Ola Vogstad Vatn 

- Og samstundes seier ein at vi ikkje må jobbe ved sidan av fordi vi må fokusere på studiet, seier Luka Dimitrijevic. 

- Og så må pensum fordelast betre utover året, skyt Emilian Kruska inn. 

Sjå oversikt over kven som stiller til val og kva dei ønskjer å få gjort her