Eit land prega av mistillit

Sidan Bangladesh vart sjølvstendig i 1971, har det vore intern uro i landet. Under parlamentvalet i januar i år vart 18 menneske drepne.
Fredag, 9 mai, 2014 - 13:47

Både før, under og etter valet 5. januar var Bangladesh prega av vald. Denne dagen vart 500 vallokaler i landet påtent av rasande opposisjonsaktivistar, som dagen før hadde starta ein 48 timar lang generalstreik mot valet.

I tillegg til dei 18 som vart drepne på sjølve valdagen, omkom omlag 150 menneske frå oktober til valhelga. Kring 130 skular vart sette  i brann for å skremme bort veljarar. Valdeltakinga i januar var rekordlåg. Berre 20 prosent av befolkinga møtte opp  for å stemme.

Protestane frå det største opposisjonspartiet, Bangladesh Nationalist Party (BNP), var eit forsøk på å boikotte valet.

Opposisjonen i Bangladesh har sterkt kritisert valet for å vere korrupt. Blant anna kan velståande menneske verte politisk favoriserte gjennom å kjøpe nominasjonar.

Statssekretær Morten Høglund (Frp) i Utanriksdepartementet sa i samband med valet at han var bekymra for utviklinga i Bangladesh. Han fortalde at mange vart drepne, og at valgjennomføringa i seg sjølv var kritikkverdig.

Polarisert maktkamp

Politisk rådgjevar for partileiinga i opposisjonspartiet BNP, Osman Faruk, sa to dagar etter valet at  dette var ein skandalaus farse, og at landet no var på veg inn i den mest alvorlege krisa i bangladeshisk historie.

Leiarane for rivalpartia BNP og ALSheikh Hasina (Bangladesh Nationalist Party/BNP) og Begum Khaleda Zia (Awami League/AL). Foto: Das österreichische Außenministerium og Mohammed Tawsif SalamDei to dominerande partigruppene er Bangladesh Nationalist Party (BNP) og Awami League (AL). Leiar i BNP er tidlegare statsminister Khaleda Zia, og leiar for AL er Aheikh Hasina Wajed. Wajed har vore statsminister sidan 2009 og heldt fram i stillinga etter valet i januar. Sentralt her er det polariserte forholdet mellom BNP og AL.

Ifølgje Bergens Tidende er politikken ei familieaffære med to matriarkar som leier kvar sin klan, kvart sitt parti og kvar sine grupper med støttespelarar. Khaleda-familien i BNP er erkerival til Mujib-familien i AL. Det hender at folk stemmer på nokon dei kjenner, framfor å lese valprogramma nøyare. Dette er følgjer av familiestyrt politikk.

Rekordlog valdeltaking

Bangladesh er eit parlamentarisk demokrati med ei nasjonalforsamling som har 300 seter. I tillegg til disse har parlamentet 45 seter reservert for kvinner, som dei politiske partia peiker ut direkte.

Presidenten vert vald for fem år av nasjonalforsamlinga. I dag er Abdul Hamid president.

Det politiske spelet i Bangladesh kan nesten samanlignast med ein større familietvist, og opprøret mot nasjonalforsamlinga Jatiya Sangsad er teikn på mistillit blant folket. Men midt opp i alt dette har det, sidan frigjeringa i 1971, gått framover for landet på fleire plan, trass i at over ein tredel lever under fattigdomsgrensa. Det har i større grad vorte sjølvforsyning av mat, befolkningsveksten har vorte redusert, utdanningssituasjonen er betra, og behovet for bistandsmidlar har minka.

Som resultat av valet i 2014 fikk Awami League (AL) 75 prosent av stemmene. Av dei 300 seta i nasjonalforsamlinga var 154 på førehand utnevnt av mangel på motkandidatar i valkretsen, grunna boykotten hos BNP. På den måten fikk AL eit overveldande fleirtal av representantar, og Hasina Wajed i Mujib-familia fortsette som statsminister. Det er ikkje til å stikke under ein stol at valet verka urettferdig for opposisjonen.

Heile 41 valdistrikt fekk ikkje vere med på å stemme. Generalsekretær i BNP, Mirza Fakhrul Islam Alamgir,  uttalte i den samanheng at AL ikkje hadde nokon moralsk rett til å sitje i regjeringsposisjon grunna rekordlåg valdeltaking.

Ungt land

Det som fram til 1971 heitte Aust-Pakistan var fram til 1947 del av Britisk India, Storbritannias kolonivelde på Det indiske subkontinent. I 1971 var landet høgtidleg kunngjort som den uavhengige republikken Bangladesh.

Det året var det ein blodig borgarkrig mellom Aust- og Vest-Pakistan og India. Krigen braut ut på grunnlag av politiske, etniske og økonomiske motsetnadar som trappa seg opp i slutten av 1960-talet.

Også språkstrid låg til grunn for den blodige borgarkrigen. Urdu vart erklært som einaste offisielt språk i Pakistan. Då 98 prosent av befolkninga i Aust-Pakistan snakka bengali som morsmål, var dette for aust-pakistanarane, (i dag) bangladesharane, grunn til opprør.

Det er framleis tvistar mellom Bangladesh og nabolanda India og Myanmar. I tillegg er det autonomikranglar i Chittagong-høgdene i aust. Politikken er óg prega av sosiale spenningar, arbeidsuro og studentaktivisme.

Borgarkrigsforbrytarar på skafottet

I Bangladesh er det no eit rettsoppgjer mot krigsbrotsmenn frå frigjeringskrigen i 1971. Under lausrivinga vart blant anna forfattarar, akademikarar, journalistar og kunstnarar på brutalt vis offer for krigen. Det er uvisst kor monge som omkom under borgarkrigen.

Offisielle pakistanske kjelder seier at 26 000 sivile vart drepne, medan den bangladeshiske regjeringa seier talet ligg mellom 300 000 til tre millionar. Bangladesh si regjering meiner vidare at mellom åtte til ti millionar flykta til India under lausrivinga.

Ei sentral sak her er dødsdommen til Abul Kalam Azad. Han vart 21. januar i fjor dømt  til døden ved henging etter å ha blitt funne skuldig i drap på seks hinduar, samt fleire valdtekter under frigjeringa i Bangladesh i 1971. Avrettinga av Azad er den første  dødsdommen i eit rettsoppgjer som mange i Bangladesh har venta på. Fleire personar sitt i dag i fengsel, skulda for 43 år gamle krigsbrotsverk.

Utsett val

Det vert hevda at statsminister Hasina gjennom rettssaka har hatt ynskje om å råke motparten (BNP) og tidlegare statsminister Khaleda Zia. To av dei tidlegare ministrane i rivalpartiet er på lista over tiltalte krigsforbrytarar, men statsminister Hasina avviser spekulasjonar om at dette var motiva hennar.

Grunna opptøyer vart valet som eigentleg skulle haldast i desember 2013, utsett til januar i år. Titusenvis av tilhengjarar av ikkje-religiøs statsform slo leir fleire stadar i landet, også i Bangladesh sin hovudstad Dhaka, for å presse nasjonalforsamlinga til å endre lova om krigsforbrytingar. Dei kom med krav om å skjerpa dommar for livstidsdømte, noko regjeringa omsider godtok.

Abdul Quader Mollah, ein leiande islamistisk opposisjonsleiar i det store islamistiske partiet Jamaat-e-Islami, vart i februar i fjor dømt til livstid i fengsel. I desember i fjor vart han, som resultat av lovendring for krigsforbrytingar, hengd på grunn av at han under frigjeringa i 1971 utøvde vald, drap og dreiv tortur. Dette førte til opptøyer, og medverka til at valet i desember 2013 vart utsett til januar i år.

 

Fakta.jpg• Bengali er det offisielle språket i Bangladesh.

• Det bur ca. 161 millionar menneske i landet.

• 57.7 prosent av folk over 15 kan lesa og skrive. 62 prosent av disse er menn.

• Om lag to tredelar av landet består av dyrka areal, og like stor del av befolkninga jobbar med jordbruk.

• Dommarane blir utnevnte av presidenten, som no er Abdul Hamid. Domstolen er organisert med underrettar og høgsterett, og består av øverste rett og apellrett.

• Første demokratiske val vart halde i 1991. Det tiande valet var i år.

• Dei største partia er Awami League (AL), Bangladesh Nationalist Party (BNP) og Jamaat-e-Islami (JI).

• Konflikten mellom BNP og AL er prega av personlege tvistar mellom dei to kvinnelege leiarane.

 

Kjelder: Wikipedia, Nationmaster og Globalis (FN)