Ingen tek på seg ansvaret for valden

– Det er på tide at regjeringa og dei rivaliserande politiske partia tek på seg ansvaret for valden og drapa som ramma menneska rundt valet. Det meiner Human Rights Watch i en fersk rapport.
Fredag, 9 mai, 2014 - 13:46

Asia-direktør i Human Rights Watch (HWR) Brad Adams seier at valet i januar i år er det blodigaste sidan frigjeringskampane i 1971.

18 vart drepne og nærare 150 skada i valdelege åtak i tida før, under og etter parlamentsvalet 5.januar.

Protesterte mot valet

Mange bangladesherar opponerte mot staten fordi dei mente at valet ikkje gjekk rett for seg. Dei ville boikotte det.

Men dei som opponerte blei møtt med vald tilbake fra sikkerhetspolitiet i Bangladesh, RAB, og mange blei drepne. Verst var det på sjølve valdagen.

Sikkerhetspolitiet ble oppretta av regjeringa. Dei har ved flere anledninger blitt kritisert for sine handlinger.

Men ingen har så langt  tatt på seg ansvaret for dei som blei drepne og skada i forbindelse med valet.

Intervjua 120

No tek Asia-direktør Brad Adams og nestleiar i Asia-divisjonen, Phil Robertson, opp det som skjedde. Dei gjer det på bakgrunn av ein ny og omfattande rapport.

Den er utgjeven av Human Rights Watch den 29. april, og kalla “Democracy in the Crossfire”.

HRW har i rapporten intervjua over 120 offer, familiemedlemmer og augevitne.

Rapporten, som er på 64 sider, tar i detalj for seg kva som skjedde før, under og etter det kontroversielle valet.

Dårleg situasjon

Situasjonen kan ikkje halde frem som no, med vald mot innbyggjarane og attpåtil ein situasjon der ingen tek på seg skulda. Det meiner Adams og Robertson.

– Dersom ingen finn ut kva som eigentleg skjedde, er det sannsynleg at situasjonen i landet forverrar seg, sier Adams i ei pressemelding.

Krev standpunkt

Robertson krev at det internasjonale samfunnet må ta eit klart standpunkt i denne saka.

– Først og fremst må dei kreve at opposisjonspartia fordømmer valdshandlingane. For det andre må dei kreve at regjeringa tek på seg ansvar for omfattande maktmisbruk og mishandlingar.

Komplisert politikk

Mofizur Rhaman, førsteamanuensis i journalistikk og mediefag ved universitetet i Dhaka, har fått  nok av valden i landet der han bur og arbeider. Men han er ikkje overbevist om at regjeringa vil ta på seg skulda for det som skjedde under valet.

– Det politiske spelet er ganske komplisert i Bangladesh. Det er alltid eit “blame game”, seierr han til Journalen.

Han trur løysinga på problema er at politikarane og folket startar å samarbeide.

Appell til verden

I den sterke videoen under får ein sjå og høyre forferdelege historiar om korleis valden ramma, og førte til at mange familiar mista mista ein kjær familiemedlem: