Pressefridomen minkar i Nicaragua

Nicaragua har stige sju plassar på pressefridomsindeksen til Reporterar Utan Grenser. Den langvarige trenden er derimot negativ.
Fredag, 9 mai, 2014 - 12:08

I Reporterar Utan Grenser sin pressefridomsindeks frå 2014, har Nicaragua gått frå 78 i året før, til 71. Indeksen rangerer 179 land etter kor stor grad av pressefridom dei har. Til samanlikning ligg Noreg på tredjeplass, like under Finland og Nederland, medan Nord Korea står nest sist.

Men sjølv om Nicaragua no har gjort eit hopp, vil ikkje det automatisk seie at pressevilkåra har vorte betre. Mange faktorar er med på å avgjere kvar land vert plassert.  

– Dersom nokre land fell mange plassar, så stig andre opp. Det er berre matematisk, seier Camille Soulier, amerikansk ekspert hjå Reporterar Utan Grenser.

Soulier legg også til at ingen journalistar vart myrda eller fengsla i Nicaragua i fjor, noko som også kan ha vore ei årsak til at landet steig.

Falt 39 plassar

Samanliknar ein tal over ein tiårsperiode, ser ein at pressefridomen i Nicaragua har gått gradvis nedover. På ti år har landet falle 39 plassar. Dei same tendensane ser ein i ein liknande pressefridomsindeks hjå Freedom House.

Soulier meiner tala heng i hop med regjeringa til Ortega.

– All sivil fridom, inkludert informasjonsfridom, har lidd tilbakeslag sidan Daniel Ortega vart gjenvald som president i 2007, etter 17 år i opposisjon, fortel ho. Camille SoulierCamille Soulier er amerikansk ekspert hjå Reporterar Utan Grenser. Foto: Privat.

I førre veke møtte Journalen utanriksministeren i Nicaragua, Samuel Santos López, og han hadde eit anna syn på Nicaragua enn Soulier.

– Det er total ytringsfridom i Nicaragua, sa López til Journalen:

– Det eksisterer ikkje menneskerettsbrot. Alt er veldig bra.

Treng statleg lisens

Reporterar Utan Grenser trekkjer fram fleire årsaker til kvifor Nicaragua ligg der dei ligg på pressefridomsindeksen. Mellom anna krev myndigheitene, med lova i ryggen, at alle journalistar skal ha statleg lisens.

– Regjeringa forsøkjer også å svekkje private mediehus parallelt med at dei styrkjer sine statlege, seier Soulier.

Til dømes har alle ministrane under Ortega fått forbod mot å uttale seg til andre enn statlege kanalar. Ortega har i tillegg kalla redaktørar i private mediehus for fascistar og knytt dei opp mot nazisme.

Sjølvsensur

Journalistane Carlos Chamorro og Luis Galeano vart utsett for søksmål, personlege angrep og drapstrugslar etter kritisk journalistikk om Ortega. Canal 15, ein privat TV-stasjon som er kritiske til Ortega-regjeringa, stoppa mellombels å kringkaste etter ei rekkje trugslar og sabotasjeaksjonar. Kanalen meiner det er FSLN, partiet til Ortega, som står bak.

– Desse restriktive haldningane frå regjeringa til ytringsfridom og mangfald i media, svekkjer informasjonsfridomen og fører til at mange uavhengige mediehus sensurerer seg sjølve, seier Soulier.