Tyr til ulovlege nettsider

For å få vita kva som verkeleg skjer heima i Kviterussland, må Iryna (33) oppsøkja nettsider før myndigheitene rekk å stengja dei.
Fredag, 9 mai, 2014 - 14:02

– I Noreg får ein faktisk sjå kva som skjer i verda ved å lesa avisene. I Kviterussland vert berre utvalde deler presentert, seier “Iryna” (33).

Ho stryk handa forsiktig over avishylla på Nationaltheatret. Iryna kom til Noreg for snart ti år sidan. Grunna fare for familien heima i Kviterussland ynskjer ho ikkje å stå fram med namn og bilete. Iryna er difor eit oppdikta namn.

– Viss det vert mogleg å søkja meg opp, om nokon kjenner meg att, vil eg ikkje tenkja på konsekvensane, forklarar ho.

Glansbilete

Når Iryna er attende i heimlandet, les ho ikkje lenger avisene. Ho grunngjev det med at media i stor grad er prega av ei feilaktig skildring av landet. Ho fortel at då ho var i Kviterussland førre veke, var opptøyane i Kiev nesten ikkje å sjå i eit einaste medium.

– Alt som vert synt på tv, og alt som vert skrive om, er så fint og flott, seier ho.

Iryna meiner det resulterer i at dei eldre trur på alt som vert presentert. Dei gamle trur dei har verdas beste pensjonsordning og mange finn ein tryggleik i Aleksandr Lukasjenko sin kontroll. Utfordringa går til dei unge i landet, hevdar ho.

– Me har levd i kommunisme i lang tid, og i kommunisme treng me ikkje tenkja sjølv. Mange klarar ikkje å reflektera over det som skjer. Det krev mykje av nye generasjonar å tenkja sjølv, seier ho, og legg til at dei som set dei små tinga saman, vil få ein a-ha-oppleving.

– Slik som det er no, slik skal det ikkje vera, seier ho.

Lenkjer seg saman

I Kviterussland er media delt i to. Lukasjenko styrer store delar av medielandskapet, men i det skjulte veks det fram ei ny ytringsplattform.

– Det meste av informasjonen får ein via vener, seier Iryna.

På ei nettside, liknande vår Facebook, deler vener lenkjer med nyhendesaker som vert skrive av journalistar som arbeider utanfor Lukasjenkos kontroll. Men skal ein få lesa sakane, må ein vera rask, påpeikar Iryna.

– Plutseleg er sidene fjerna og då er det umogleg å finna dei att, seier ho.

Tidlegare presidentkandidat Andrei Sannikov fortel at mykje av hans politiske arbeid dei siste åra tok form gjennom internett.

– Me lev i nye tider. Det er mogleg å få til mykje gjennom sosiale media, seier han.

Han fortel vidare at internett er eit viktig verkty for å spreia bodskap i opposisjon i eit land utan fri presse.

Vanskeleg å få tilsvar

Kiryla Chilko er journalist i Nasha Niva, som vert sett på som ein av dei større uavhengige avisene i Kviterussland. Han legg ikkje skjul på at det er meir enn lovverk som hindrar dei i å produsera det stoffet dei ynskjer.

– Me er ein av få aviser som faktisk skriv om politikk. Men som uavhengig avis, trass høge lesartal, er det svært vanskeleg å få tak i myndigheitene når me ynskjer tilsvar. Utan tilsvar vert saka rekna som einsidig, og det kan legga ned ein heil redaksjon, seier Chilko.

Fleire medium prøver å unngå den statlege sensuren ved å kringkasta frå utlandet. Mange vert lagt ned etter kort tid, og få vel å registrera seg hjå myndigheitene. Dimed er det vanskeleg å halda oversikt over kva som faktisk eksisterer av uavhengige medium.

Sensurerte sonen

Iryna seier at Lukasjenko er oppteken av at alt skal sjå perfekt ut for folket, og at han sensurerer den minste ting. Ho fortel at under ein parade på nasjonaldagen sende den største nyhendekanalen ei direktesending. Lukasjenko hadde med sonen sin i paraden. Direktesendinga filma då sonen tilfeldigvis geispa, dette vart i seinare tid redigert vekk.

– Neste gong eg såg det same klippet, var eit nytt klipp av sonen sett inn i staden, ler Iryna.

Veit aldri kven som høyrer

Då Iryna kom til Noreg var noko av det fyrste ho la merke til nordmenns interesse for nyhende.

– Folk les aviser. Det er ein heilt fantastisk vane, seier ho.

Sjølv om dei aller fleste i heimlandet er klår over at pressa vert kontrollert, er det ikkje noko ein snakkar høgt om. Dei store skilnadane mellom Noreg og Kviterussland kan ho ikkje fortelja dei heima, med mindre ho er sikker på at ho ikkje vert høyrt av ukjente.

– Når eg pratar med mamma i telefon, seier ho alltid “Iryna, ikkje sei det. Du veit aldri kven som høyrer deg”. Og når eg høyrer det klikkar i telefonen, då veit eg at ho har rett. Du veit aldri kven som har kontroll over deg, seier ho.