Utanriksministeren: – Det er full pressefridom i Nicaragua

Samuel Santos López er tydeleg på at menneskerettar og ytringsfridom er noko dei prioriterer svært høgt i Nicaragua.
Fredag, 16 mai, 2014 - 10:40

– Det eksisterer ikkje menneskerettsbrot. Alt er veldig bra, sa López etter å ha møtt Utanriksdepartementet i førre veke.

Journalen fekk eit eksklusivt møte med Samuel Santos López, utanriksminister i Nicaragua, då han møtte statssekretær i UD, Morten Høglund (FrP).

Peiker på ekstraordinær utvikling

López og Høglund møttest på Statholdergaarden i Oslo for å diskutere relasjonane mellom dei to landa. Menneskerettar var eitt av tema.

– Det er total ytringsfridom i Nicaragua, opna López til Journalen.

Han peikte på at der ikkje finst éin politisk fange i landet, sjølv om der sjølvsagt er usemje.

– Men det er ein ekstraordinær utviklingsprosess i Nicaragua, sa utanriksministeren og ramsa opp fleire positive ting han meinte hadde skjedd under president Daniel Ortega sitt styre.

Sjå videointervju med López og Høglund under.

Trygt for utanlandske journalistar

López meinte sjølv at Nicaragua er det tryggaste landet i Mellom-Amerika og blant dei tryggaste landa i heile Amerika. Også for journalistar.

– Sjølvsagt! Det er ikkje éin fange, ingen har nokon konfliktar i Nicaragua. Journalistane her har fridom til å utøve yrket sitt, sa López til Journalen.

I 2012 blei 18 mexicanske narkosmuglarar stoppa på grensa til Nicaragua utkledd som journalistar, og dette kan gjere det vanskelegare for utanlandske journalistar å sleppe inn i landet. Likevel meinte utanriksministeren at utanlandske journalistar òg har det trygt i Nicaragua.

– Du treng ikkje vere meir redd for å vere journalist i Nicaragua enn du treng å vere redd for å vere journalist i andre land i Mellom-Amerika, sa han.

Ekspert er kritisk

Roy Krøvel, professor ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Nicaragua-ekspert og tidlegare SAIH-koordinator, er derimot ikkje samd med utanriksministeren.

– På eitt vis er der pressefridom, men samstundes ser ein at folk som er for kritiske, blir fjerna. Eigarane blir pressa av partia til å omplassere eller sparke dei journalistane som er for kritiske, seier Krøvel.

– Dei fattige i Nicaragua er sympatisk innstilt til Ortega. Han er populær, truleg den mest populære presidenten i Latin-Amerika, meiner Krøvel.

– Men Nicaragua kan, og bør, kritiserast for manglande forståing av ytringsfridom og pressefridom.

Høglund meiner Nicaragua har utfordringar

I motsetnad til den nicaraguanske utanriksministeren meinte statssekretær Morten Høglund at Nicaragua har sitt å stri med.

– Der er utfordringar knytt til menneskerettar. Det tek vi opp på ulike måtar, og det har vi også tatt opp i dag, sa Høglund.

Statssekretæren slo vidare fast at landet i Mellom-Amerika er veldig langt frå å vere nokon versting.

– Men dei har utfordringar, og det har vi tatt opp. Vi har mellom anna diskutert kvinner sine rettar, abortspørsmål, seksuelle minoritetar og spørsmål knytt til urfolk. Men det har skjedd framsteg i landet, sa Høglund.

Dei hadde ikkje prata spesifikt om pressefridom på møtet førre fredag, men statssekretæren i UD var tydeleg på at temaet har blitt tatt opp tidlegare.

– Då dei generelle vilkåra til pressa i Nicaragua. Men dette er det andre enn meg som har tatt opp, så eg kan ikkje seie eksakt kva som blei sagt, avslutta Høglund.

Samuel Santos LópezUtanriksminister i Nicaragua, Samuel Santos López, er tydeleg på at pressa får operere fritt. Foto: Hans-Olav Rise.– Blir gjenvald

I Nicaragua vann Ortega det førre valet i 2011. No kan han bli gjenvald på ny.

Tidlegare i år blei nemleg ei lov frå 1995 oppheva - ei lov som hindra ein president i å kunne site for alltid. Opposisjonen i landet gjekk demonstrativt etter at forslaget blei stemt gjennom.

Utanriksminister López svarte raskt og tydeleg «ja» då Journalen spurte om Ortega ville bli gjenvald i 2015.

– Han vann valet med meir enn 60 prosent oppslutnad i 2011. Etter det har oppslutnaden rundt Daniel Ortega auka, sa López til Journalen.

Han viser til ein oppslutnad på 65 prosent.

– Jobben han gjer, kjem det nicaraguanske folk til gode, meinte utanriksministeren.