Argentina

Måtte flykte frå Argentina

Journalisten Damian Pachter har sidan januar levd i eksil i Tel Aviv i Israel.
Fredag, 8 mai, 2015 - 09:39

Den 18. januar i år vart aktor Alberto Nisman funnen død i sin eigen heim i Argentina. Nisman skal ifølgje myndigheitene ha teke sitt eige liv. Journalisten Damian Pachter var den fyrste til å rapportere om Nismans død.

Han fortalde at Nisman døydde av eit skot i hovudet, og at ein ikkje har funne kruttrestar på hendene til Nisman. Dette gjer at Pachter og mange andre argentinarar avfeiar sjølvmord.

Det vart heller ikkje sendt ei medisinsk etterforskningsgruppe til åstaden før etter tre månader, ifølgje Damian Pachter.

 

Pachter twitra 19. januar: “Dei fann aktor Alberto Nisman på badet i sin heim i Puerto Madero i ein blodpøl. Pustar ikkje. Legene er der.”

Nisman vart funne dagen før han skulle omtale ein sak i retten, der staten vart anklaga for å dekkje over bombinga av det jødiske kvarteret, AMIA (Argentine Israelite Mutual Association), i samarbeid med Iran.

Iranske myndigheiter nektar for at dei har noko med bombinga å gjere.

Damian PachterDamian Pachter er første journalisten i eksil frå Argentina på 40 år. Foto: Ya’akov Cohen Vener bad han reise

Etter at Pachter hadde twitra om sin tvil om sjølvmordet, vart han kontakta av gode vener og kjelder som bad han om å reise ut av byen nokre dagar til ting hadde roa seg.

Pachter fulgte oppmodinga, reiste heim og pakka sekken for nokre dager. Han reiste berre med kollektivtrafikk, slik at ingen kunne spore han.

Då Pachter skulle møte ein ven på ein kafe kom det ein mann med solbriller inn, og Pachter tykte han såg mistenksom ut.

– Som journalist lærer du med tida å byggje opp eit journalistisk instinkt som reagerar når ein ser noko som ikkje stemmer, seier Pachter.

Måtte rømme

Mannen med solbrillene satte seg i nærleiken av Pachter, men flytta seg etter kvart bak ryggen hans. Der kunne ikkje Pachter sjå han.

Då venen til Pachter kom til kafeen, pekte han to fingre inn i ryggen på Pachter som eit pistolløp og sa “du ser ikkje kven som sitt bak deg, du må følge med betre no.”

Ifølgje venen til Pachter var den mystiske mannen med solbrillene ein etterretningsoffiser, og Pachter visste i det augneblinket at han vart fulgt etter. Då bestemde han seg for å rømme frå landet i frykt for sitt eige liv.

Han fekk samla kontantar til flybillett for ikkje å betale med kredittkort som kunne sporast. Venen tok kontakt med mor hans og to andre kollegaer som møtte han på flyplassen før han reiste. Dei to kollegaene gjorde eit siste intervju og tok bilete.

Turen gjekk til Montevideo, via Madrid og til Tel Aviv. I dag kjenner Pachter seg trygg. Likevel veit han at han ikkje reiser attende til Argentina, i alle fall ikkje under denne regjeringa.

– Det er vanskeleg å vere kritisk journalist i Argentina, dei fleste medieselskapa er eigd delvis eller heilt av staten, avslutta Pachter.

Ikkje fyrste gong

Det er ikkje fyrste gongen at journalistar har vorte truga i Argentina. I desember 2013 vart Juan Pablo Suarez sikta etter antiterrorlova, og han vart ikkje frikjend før i okober 2014.

Les mer om hvordan Suarez er blitt forsøkt skremt til stillhet.

I april i år vart heimen til Suarez vandalisert, men ingenting vart stole. I følge kjeldene Suarez har i politiet skal regjeringa stå bak. Dette er ikkje stadfesta frå regjeringa.

Suarez bur framleis i Argentina.

 

Journalen har ikkje lukkast i å få kontakt med myndigheitene i Argentina, heller ikkje ambassaden vil uttale seg.