Argentina

Ustabile Argentina

Stabilitet har tradisjonelt vore mangelvare i det politiske Argentina. No har ekteparet Kirchner hatt makta sidan 2003, men dei kritiske røystene finst framleis.
Fredag, 8 mai, 2015 - 09:39

På søraustkysten av Sør-Amerika ligg Argentina, eit stort land med over 42 millionar innbyggjarar. Berre Brasil er større enn Argentina i Sør-Amerika. Hovudstaden Buenos Aires er den klart største byen i landet, medrekna forstadar er 25 prosent av landet sine innbyggjarar busette her. Innbyggjarane er stort sett av spansk og italiensk opphav, då landet var ein spansk koloni i perioden 1516 til 1816.

Stat, politikk og samfunn

Argentina er ein republikk og inndelt i 23 provinsar. Cristina Fernández de Kirchner har vore president sidan 2007. Presidenten har blitt kritisert av fleire grunnar. Kirchner kom i konflikt med media i landet i 2009 etter at ei ny medielov vart vedteken. Lova sa at ingen av medieselskapa kunne ha meir enn 35 prosent av eigerandelen i landet.

Les mer om den den kontroversielle medieloven.

Historie

I 1516 ble Argentina kolonisert av Spania. Nøyaktig 300 år seinare fekk Argentina att sitt sjølvstende etter ein seks år lang revolusjon. Ei usemje som vaks fram etter frigjeringa var om staten skulle vere sentralisert med Buenos Aires som hovudstad, eller om provinsane skulle skulle ha eigen fridom til å styre seg sjølve som såkalla autonome provinsar.

Etter 1930 var regjeringane prega av fascistiske trekk, slik som fleire land i Europa hadde på same tid. Juan Domingo Perón kom til makta 1946, og han har blitt kritisert for å ha vore lik den italienske fascisten Benito Mussolini. Heilt fram til 1976 vart regjeringane hyppig kuppa av militæret.

Les mer om opprullingen av hemmeligstemplede dokumenter fra militærjuntaens regime.

de KirchnerChristina Fernández de KirchnerNåverande president i Argentina Cristina Fernández de Kirchner. Foto: Expectativa Online/Flickr Like før tusenårsskiftet opplevde Argentina ein økonomisk nedgang og arbeidsløysa gjekk opp. I desember 2001 var innbyggjarane i konflikt med regjeringa. Dei demonstrerte i gatene og barka saman med politiet.

Økonomi og næring

Argentina har vore ustabilt i mange år. I 2001 gikk landet konkurs. Den dåverende presidenten erklærte unntakstilstand i landet, etter at det hadde vært store demonstrasjoner i gatene. Nestor Kirchner, mannen til den nåverande presidenten, vart president i 2003. Økonomien vert betre og arbeidsløysa minka i hans presidentperiode, men dei økonomiske problema har i dei siste årene vore tilbakevendande. I 2014 var det nye økonomiske problem i Argentina, noko som ikkje kom som eit sjokk, ifølgje E24.no.

Les mer om hvordan inflasjonen påvirker pressefriheten.

Argentina har det 25. største bruttonasjonalproduktet (BNP) i verden. Soya og korn er dei fremste eksportprodukatane i landet. Deretter kjem olje og gass, fisk og storfekjøtt. I tillegg vitjar om lag seks millionar turistar Argentina i løpet av eit år, noe som gjer at turisme er ei viktig inntektskjelde.

Geografi og naturAndesfjelleneAndesfjelleneAndesfjellene mot grensa til Chile i vest. Foto: Mariano Mantel/Flickr

Argentina er det åttande største landet i verda. Det strekk seg over eit stort område, og det finst difor store skilnader i natur og klima i dei forskjellige landsdelane. I nordområdet finst det eit tropisk klima som likner på klimaet i Brasil, med fuktige, store skogar.

Pampas er området som ligg i dei sentrale delane av Argentina. Pampas betyr sletter, på grunn av dei digre slettene i området. Sjølv om det er tørt i området, gjer lausjorda at det er gode forhold for landbruk.

I sør finn ein Patagonia. Området er kjenneteikna av sine fjell og isbrear. Patagonia er det sørligaste området i Argentina og i dei aller sørlegaste områda har ein eit såkalla subarktisk maritimt klima, der vintrane ikkje er særleg kalde, og der somrane ikkje er særleg varme. I vest, på grensa til Chile, ligg den mektige fjellkjeda Andesfjella. Store delar av fjellkjeda består av vulkansk berggrunn.