– Det verste var at kjelda vår vart drepen

Verdensmagasinet X var i Honduras i desember 2015. Dei fekk kjenne på den harde pressesituasjonen som er i landet.
Mandag, 9 mai, 2016 - 15:21

Før jul i fjor reiste redaktørane for Verdensmagasinet X, Kjersti Kanestrøm Lie og Elida Høeg, til Honduras. Der skulle dei snakke om årsaker til vald, og kom raskt inn på tema vald mot journalistar og aktivistar.

– Norske journalistar har ikkje ein kvardag der ein opplever trugslar på denne måten i det heile tatt. Journalistar i Honduras jobbar med frykt for sitt eige liv, og tek val der dei faktisk er villige til å risikere eiga tryggleik for å få fram informasjon, seier Høeg. 

Får anonyme trugslar

Sidan kuppet i 2009 har det vore ei rekke angrep mot aktivistar og journalistar som har kritisert myndigheitene.

 Mange av trugslane kjem ikkje frå ein definert avsendar, mange er anonyme.

– Vi ser at rett etter at nokon har kritisert til dømes kuppet, får dei veldig mange trugslar som handlar om kritikken. Då er det logisk å tenke at dei kjem frå statleg hald, men det er også private selskap, kriminelle grupper, alle som ikkje vil ha merksemd, men som får det, som kan ha interesse i å kneble dei som snakkar om kritikkverdige forhold, seier Høeg.

bertacaceresKjempet: Berta Cáceres demonstrerte åpent for miljøet, i mars ble hun drept. Foto: Elida HøegKjelda som vart drepen

Under besøket sitt snakka dei med miljøaktivisten Berta Cáceres. Ho frykta ikkje for si eiga tryggleik, og var aktivt med i kampen mot vasskraftverk og gruvedrift i område der urfolk held til.

3. mars i år vart ho funnen skoten og drepen, kunne Dagbladet melde.

Dette pregar redaktørane for magasinet.

– Det verste var at kjelda vår vart drepen, seier Høeg.

Dei opplever valden mot aktivistane som skremmande, og ser at gjerningsmennene går lenger enn før.

– Ho trudde ho vart beskytta fordi ho var så profilert og kjent. No ser vi at trugslane rammar stadig fleire av dei kjente journalistane og aktivistane, seier Høeg.

Den uavhengige jesuittpresten

Blant journalistane dei snakka med var journalistar i den uavhengige kristen-katolske radiokanalen Radio Progreso.

Leiaren for kanalen er jesuittpresten Ismael Moreno Coto, også kjend som Padre Melo.

Han vann Raftoprisen i 2015 for innsatsen sin for ytringsfridomen i eit av verdas farligste land, melder Aftenposten.

– Radiokanalen er blant dei som får flest trugslar, og fleire journalistar er drepne, seier Lie.

Reportere uten grenser kunne melde om drap på ein av journalistane i kanalen i 2014.

– Det er også eit problem at fleire av desse sakene ikkje blir etterforska, så dei fleste som går til angrep på menneskerettsforkjemparar og journalistar, går fri, seier Lie.

Skjult byline

Lie nemner ein litt annleis måte å kreditere journalisten på, som avviker frå den vestlege praksisen.

– I Mellom-Amerika er det fleire medier som vel å ikkje publisere kven som har skrive saken. Der er det gjerne underteikna “redaksjonen”, seier Lie.

Høyr meir om korleis det var å vere norsk journalist i Honduras, og kva honduranske journalistar gjer for å ta hand om si eiga tryggleik: