Journalist tvitra seg arbeidslaus

Då den tyrkiske journalisten Kadri Gürsel tvitra kritisk om president Erdogan, fekk han sparken frå avisa han jobba i.
Mandag, 9 mai, 2016 - 14:53

Etter 18 år som journalist i den tyrkiske avisa Milliyet, fekk journalisten Kadri Gürsel sparken – same dag som han hadde posta ei regimekritisk melding på Twitter. I tweeten sto det:

“Det er flaut å sjå utanlandske leiarar kontakte personen som er grunn nummer ein til den inneverande terrortrugselen frå IS, for å presentere deira kondolansar for massakren i Suruc”

Gürsel har lenge vore ein kjend motstandar av president Recep Tayyip Erdogan sin Syria-politikk, og meiner den opne grensa til landet har blitt ein fri passasje for terrorgruppa IS.

Tweeten som kosta jobben

Det var etter eit IS-terroråtak i fjor i grensebyen Suruc, då presidenten i Frankrike, Francois Hollande, kondolerte Tyrkia-presidenten, at Gürsel sitt sinne byrja å koke. Han har i lang tid meint at regjeringa sjølv har skuld i tyrkisk rekruttering til IS – og paradokset i kondolansen trigga Gürsel sin frustrasjon. Den vart ordlagd i twittermeldinga som til slutt kosta han jobben.

Sjå Kadri Gürsel fortelje om – og lese – tweeten her:

Påsto brot på presseetikk

Straks etter at Gürsel hadde posta twittermeldinga om morgonen, byrja kritikken å hagle – først frå ein pro-myndigheit fjernsynskanal.

– I ein time anklaga dei meg for å vere ein spion, ein agent, ein svikar. Det sette i gang det heile, fortel Gürsel i samtale med Annette Groth på Pressefridommens dag 2016.Kadri GürselHer i samtale med Annette Groth. Foto: Skjermdump.

TV-sendinga utløyste eit angrep frå AKP-nettroll: Brukarar regjeringa betalar for å trakassere kritikarar i sosiale medium. Fleire ringte til Milliyet for å krevje Gürsel sin avgang, og utpå dagen fekk journalisten beskjed om at hans artikkel for dagen vart fjerna.

– To minutt etter ringte nokon frå HR-avdelinga og sa at twittermeldinga mi hadde brote avisa sine prinsipp for god presseskikk. Så no avslutta dei arbeidsforholdet mitt, seier Gürsel.

 

Journalen har kontakta Milliyet for kommentar, men avisa ynskja ikkje å svare på vår førespurnad.

– Avisa sjølvsensurerar

Milliyet har tidlegare blitt kritisert for å ha sjølvsensur på kritisk innhald på spalte- og kommentarplass. Etter å ha måtte selje eigarskapet fekk avisa ein ny politisk ståstad – og strengare sjølvsensur.

– Sidan slutten av 2014 har fire av artiklane mine blitt fjerna. Avisa har villa endre det kritiske innhaldet, men eg har nekta, seier Gürsel.

Fleire gonger tidlegare har journalistar mista jobben i avisa for å ha tatt eit kritisk standpunkt til AKP – sist i 2013. Ein av desse er Can Dündar. som no, etter avsløringar av regjeringa si våpensmugling til væpna grupper i Syria, risikerer livstid i fengsel.

Pressefridom på sitt verste

Tyrkia hamna i fjor som nummer 151 i ei rangering av pressefridommens kår i verda, ifølgje tal frå Reportarar utan grenser (RSF). Aftenposten sin Midtausten-korrespondent, Silje Rønning Kampesæter, meiner situasjonen for tyrkiske journalistar er urovekkjande.

– Den er forferdeleg og nedadgåande. Eg vil seie at problemet ligg på to områder: Den fysiske trugselen mot journalistar som går ut på fengsling, søksmål og angrep, og nummer to: Den sjølvsensuren dette medfører, seier Kampesæter.

Journalist Kadri Gürsel har kjent konsekvensane på kroppen, og er redd for kor dette vil slutte.

– Det finst ingen ende, ingen grenser, ingen botn. Pressefridommen er i ein nedadgåande spiral, og Tyrkia er midt inni. Og den aksellererar, seier Gürsel.

Siri NesetSiri Neset ved Chr. Michelsens Institutt (CMI). Foto: Privat.Også Tyrkia-forskar Siri Merethe Neset ved Chr. Michelsens Institutt (CMI), er uroa over omstenda for fri, kritisk journalistikk i Tyrkia.

– Nett no er situasjonen spesielt problematisk fordi Erdogan konsentrerer så mykje makt rundt seg, seier ho.

 

Neset skisserer fire grunnar til at Erdogan no har høve til å slå ned på journalistar spesielt.

 

 

– Demokratiet står for fall

Kampesæter trur det er lett å tenkje at befolkninga får informasjonen dei treng gjennom internasjonale medium og internett, men dette er ikkje sanninga.

I IstanbulAftenposten-korrespondent i Midt-Austen, Silje Rønning Kampesæter. Foto: Privat.– Den frie pressa i Tyrkia vert klampa ned på, og demokratiet i landet står for fall. Akkurat som i Russland, er TV ei av hovudkjeldene til informasjon for mange tyrkarar i meir rurale områder. Via eigarskap, gode vener og bekjente, har presidenten eit godt grep om nyheitene på TV, forklarar Kampesæter.

Tyrkia-forskar Siri M. Neset meiner òg at dette kan vere eit demokratisk problem.

– Folk får eit glansbilete av presidenten, og held fram med å stemme på han. Erdogan og AKP får masse pressedekning, medan andre får minimalt. Sånn sett veit ikkje folk kva dei ulike partia eigentleg står for, sier Neset.

Fryktar kva som kan skje

– Etter nesten ni år kan eg lett seie, med rein samvit: Journalistikken i Tyrkia er drepen. Den er over, proklamerer Gürsel på Pressefridommens dag.

– Er du nokon gong redd?, spør Annette Groth mot slutten av arrangementet.

– Sjølvsagt er eg redd. Men det hindrar meg ikkje i å fortelje sanninga, seier Gürsel.

 

Journalen har forsøkt å kome i kontakt med tyrkiske myndigheiter. Ingen har ynskja å svare på vår førespurnad om kommentar.