Stor spenning knytta til presselov

Det er håp om at pressefridommen skal bli betre i Marokko, no som ein ny presselov kan bli vedtatt.
Mandag, 9 mai, 2016 - 15:53

– Denne lova er jo ikkje vedtatt enno. Vi har blitt lova den dei siste tolv åra, men den er alltid blitt stoppa av endringar i parlamentet.

Det sier Mahacine Mokdad, TV-reporter for Al-Jazeera, som er skeptisk til måten styresmaktene har presentert lova.

Den nye presselova vart jobba fram av kommunikasjonsminister Mustapha El Khalfi, og den vart lagt fram i parlamentet i Rabat 23. desember 2015. El Khalfi er tildligare journalist og redaktør sjølv, og lovde at den nye lova skulle sikre journalistar auka pressefridom og sjølvstedigheit.

Endringane i den nye presselova

Regjeringa seier den nye lova skal verne mot overdrevne straffer, og oppmuntre og legge til rette for ei fri presse i Marokko. Dei seier lova no er tydeligare enn ho var før, så den ikkje blir veldig open for tolking. Marokkanske bloggereMarokkanske bloggere på nasjonalbiblioteket. Foto: Moushira / Wikimedia Commons.Av dei positive forandringane i lova trekk styresmaktene fram betre rettar for presse  på nett og betre rettar knytt til kjeldevern. Dessutan at fengselsstraffer blir erstatta med bøter og alternative straffer, og at støtte skal bli gitt på likt grunnlag til alle medier. Det skal ikkje lenger vere fordelaktig å jobbe i statlige medier, alle journalistar skal ha dei same rettane.

Ei av dei største endrinane i den nye presselova er det nye presserådet som skal bli oppretta. Conseil national de la presse blir vald av parlamentet, og det er dei som har oppgåve med å utstede pressekort.

Ein må no også ha utdanning for å kunne kalle seg, og jobbe som, journalist. Her kan vi sjå både positive og negative sider: Journalistfaget blir profesjonalisert, men samtidig kan det begrense den frie journalistikken fordi staten har ein finger med i spelet. Etter at den nye presselova vart lagt fram 23. desember 2015 har det vore fleire rettssaker mot journalistar i Marokko

El Khalfi meiner 2015 var eit svært bra år for pressefridommen i Marokko. Han trekker fram den nye presselova, og at det blir oppretta eit nasjonalt presseråd. El Khalfi seier og at støtta til pressesektoren har auka frå 42 millionar Dirham i 2012, til  60 millionar i 2015. Det fins fortsatt utfordringar for pressefridommen i Marokko, det innrømmer han.

I 2015 har det heller ikkje vore nye fengselsdommar, hevdar El Khalfi. 22 saker knytt til pressa var oppe i domstolane i 2015, derav to av dei gjaldt dom til fengselsstraff i første instans. 13 av sakene endte i frifinnelse eller saka vart avvist av domstolen, og dei sju resterende sakene endte med bøteleggelse.

Kritikk

Reportere uten grenser kritiserer Marokko blant anna for å ha kasta ut to franske tv-journalistar 3. april 2106. Dei franske journalistane undersøkte rapportar om eit angrep på eit homofilt par i mars 2016. Marokko har falt ein plass på pressefridomsindeksen til Reportere uten grenser frå 2015 til 2016, og ligg no på 131. plass.

Freedomhouse kritiserer Marokkos arbeid med pressefridom, som var lovd å bli betre etter den nye grunnloven vart vedteken i 2011. Arbeidet med presseloven har tatt lang tid, og Freedomhouse kritiserer spesielt at mediebransjen sjølv ikkje har vore involvert i prosessen med å skrive lova. Dei meiner også at den nye presseloven, og Marokkos innsats for å betre pressefridom, ikkje fyller internasjonale krav og plikter.

Ali LmrabetDen Marokkanske journalisten Ali Lmrabet har blitt straffa fleire gonger. Her framfor det marokkanske parlamentet. Foto: Privat.Den marokkanske journalisten Ali Lmrabet har tidligare drive ei nettside, men no får han ikkje tillatelse til å starte opp igjen. Han planlegg likevel ei relansering, og jobbar i mellomtida som frilansjournalist for utanlandske nyheistbyrå.

Lmrabet er veldig kritisk til den nye preselova:

– Fengslingar skjer fortsatt. Ikkje med grunnlag i presselova, men i straffelova som fortatt kan dømme oss. Dessuten har eg personleg aldri blitt dømt på grunnlag av presselova. Straffelova har blitt brukt kvar gong.

Forandringar i straffelova

På tross av den nye lova som skal betre pressefridommen i Marokko blir journalistar fortsatt fengsla, bøtelagt og arrestert, skriv Buzzles. Det som har skjedd i nokre tilfelle er at det ikkje lenger presselova som blir brukt for å straffe, men paragrafar i straffelova som nylig er blitt foreslått endra.

–  Det nye utkastet til straffelova gir for eksempel forseggjorte fengselsstraffer for dei som gjer narr av religionen, altså islam. Eg meiner jo ikjke å fornærme religionen, eg prøvar ikkje å fornærme nokon, sier Lmrabat.

Han meiner enkelte parti og styresmaktene vil ha Marokko tilbake til sekstitalet med alle dei nye endringane.

Mustapha el KhalfiKommunikasjonsminister Mustapha el Khalfi. Foto: Association des blogueurs marocains/ skjermdump Youtube.Straffelova har vore oppe til behandling i mars 2016, og det er blitt lagt til og forandra på paragrafar som vil få omtrent det same innhaldet som enkelte av dei strenge paragrafane frå den gamle presselova.

Dermed vil forslaget bli ein måte for regjeringa og parlamentet å fortsetje å begrense kritisk journalistikk og vanskeleggjere forhalda for ei fri presse i Marokko.

Spesielt krenkelsar av nasjonale symbol, kongen og kongehuset og det marokkanske flagget kan fortsatt bli straffa. Å fornærme eller være kritisk til monarkiet, islam eller territorielle saker straffast med inntil fem år i fengsel.

Store bøter

Det som imidlertidig har erstatta mange fengselsdommar til journalistar er store bøter. Ifølgje presidenten for den Nasjonale Unionen for Marokkansk Presse, Abdallah Bekkali, kan bøtene bli så store som 100 000 euro, altså ca. kr 925 000. Støtta til pressa skal ha også ha auka i det siste, men Khalid Belyazid direktør for Eco-Media meiner den er for liten til at pressa kan overleve.

– Eit av dei største problema til marokkansk presse er at det er så vanskeleg å få annonseinntekter, seier han. Reglane for kva slags reklame som er godkjent er svært strenge, så det er vanskeleg å få nok innteker for marokkanse aviser og nettmedier.

Sensur

Journalisten Ali Lmrabet trekk fram sjølvsensur som det største problemet for journalistikken i Marokko i dag. Mange vil ikkje skrive om eller publisere saker som kan bli straffa, blant anna om den marokkanske okkupasjonen av Vest-Sahara. Han trekk fram Panama papers som eit eksempel:

– Ingen i Marokko har skrive om Panama papers, anna enn reint overfladisk. Den marokkanske pressa skriv heller ikkje om den saharawiske uavhengighet. Ein treng ikkje å vere einig i at Vest-Sahara skal vere uavhengig, men ein har uansett rett til å utrykke sine meiningar.

Les mer om Panama papers her.

Lmrabet trekk fram den marokkanske journalisten Ali Anouzla som har blitt tiltalt for å ha sagt til ei tysk avis at Vest-Sahara er okkupert. Styresmaktene i Marokko ser heller at ein omtalar Vest-Sahara som marokkansk, sjølv om konflikta ikkje er løyst og Vest-Sahara ikkje er annerkjent som marokkanske område internasjonalt.

Les mer om Ali Anouzla her.