Centrum er eit av dei fem treningssentra i kjeda til SiO Athletica. Foto: Hanne Mjelstad

Oppmodar til aktiv eksamenstid

Mandag 21. november trakk SiO Athletica vinnarane av den to veker lange konkurransen, Athletica Boost.
Onsdag, 23 november, 2016 - 14:09

Konkuransen har gått ut på at kvar gong ein har trent på ein av dei fem treningssentra (Centrum, Nydalen, Vulkan, Domus og Blindern), kan ein fylle ut eit kort med namn, telefonnummer og kva tilbod ein har benytta seg av. Desse korta har blitt samla i ein stor boks, og det blei trukke 3 vinnarar frå kvart senter.

Hjelper studentar inn mot eksamen

Konkurransen har vore ein del av kampanja Eksamensboost, der SiO ønskjer å hjelpe studentar inn mot eksamen. Fredrik

Refsnes, direktør i SiO Athletica, meiner at god fysisk helse bidrar positivt inn mot eksamensperioden.

- Me vil motivere studentmedlemma våre til å oppretthalde treninga inn i ein krevande eksamensperiode.

Konkurranse som motiverer

Refsnes meiner at premier og ekstra merksemd kan vere god motivasjon for medlemma i SiO. Det er ein av vinnarane i konkurransen, Rymona Alborona, eining i. Konkurransar gjer at ho får ekstra motivasjon.

- Det er alltid gøy å vinne noko, smilar ho.

Flotte premiar


Konkurransekort fra Athletica Boost Foto: SiO Athletica

Alboronaz vann 5 gratis PT-timar på senteret. Dei to andre hovudpremiane var TRX Home gym, og gåvekort i Athleticas Craft-shop. Med fem vinnarar per senter var det altså 15 vinnarar totalt.

I løpet av perioden har det blitt levert inn over 13 250 kort, men antall deltakarar er nok noko lågare, ettersom dei same medlemma har levert in fleire kort, fortel Refsnes.

- Me har hatt godt besøk på alle sentera våre gjennom perioden, og belegget på gruppetimar har auka noko.

Alboronaz er ein av dei ca. 23 000 medlemma på SiO Athletica. Ho studerer på BI til vanleg, og foretrekker ein aktiv kvardag.

- Det er viktig å trene, og det er eit fint avbrekk frå studie.