Kringsjå studentby. Foto: MagneG / Flickr.com

Fleire ledige studentboligar i desember

I august var det mange tusen i boligkø hjå SiO, no reklamerer dei for ledige boligar frå desember og januar.
Tirsdag, 22 november, 2016 - 15:02

I august meldte NRK om nesten 7000 studentar i boligkø. No reklamerer SiO for ledige boliger i Sogn og Kringsjå studentby. Det kan vere mange årsaker til dette, men Trond Bakke, direktør for SiO Bolig, er tydeleg på kva han meiner er hovudårsaka.

- Det er ulikt antall internasjonale studenter, eller utvekslingsstudentar, i haust- og vårsemesteret. Derfor blir mange boligar ledige rundt årsskiftet.

Han fortel vidare om dei internasjonale studentane som kjem med utvekslingprogram som Erasmus. Det er eit par hundre fleire studentar som har utveksling til Oslo om hausten, enn om våren. Dermed blir det fleire ledige boligar rundt desember, i slutten av semesteret, når utvekslingsstudentane flyttar ut.

Søkjar meir spesifikt

Bakke ser også ein skilnad mellom søkjarane i august, og dei som søkjer no. I august er det mange som flyttar til byen og dei søkjer breitt. Altså dei tar den boligen dei får. Det gjeld ikkje nødvendigvis dei som står på liste no.

- Mange som står på liste no har bolig, og samanliknar ein mulig studentbolig med noverande.

Bakke meinar det skal meir til for nokon som er etablert å flytte, og dei søkjar gjerne på ein spesifikk boligtype.

Fleire faktorar spelar inn

Marianne K. Andenæs, leiar i Norsk studentorganisasjon, er enig i at utvekslingsstudentar er ein stor del av grunnen til at ein finn ledige boligar no. Ho trur også andre faktorar kan spele inn.

- Mange finn seg andre stader å bu, eller får ein endra livssituasjon, til dømes at dei får sambuar.

Andenæs er også enig  i at det er naturleg med mange søkjarar rundt studiestart, og at dette taler minkar utover i året.