Kroppen er skapt for å brukast, og gjer eg ikkje det, kjenner eg fort at det er noko som manglar, fortel Camilla Lorentzen. Foto: Privat.

— Eg trener for å ha det bra

Januar er ein av dei beste månadane å drive treningssenter, men mange er opptatt av trening året rundt.
Tirsdag, 24 januar, 2017 - 09:51

PT, web-coach og blogger Camilla Lorentzen er opptatt av å trene for å ha ein kropp som fungerer, og som ho kan bruke til det ho vil. Ho føl ikkje ein streng diett, og trenar fordi ho har lyst.

— Eg trenar fordi eg er avhengig av det for å ha ein kropp som fungerar og som eg kan bruke til kva eg vil, seier Lorentzen.

Som PT og coach har ho mange kundar som kjem med mål dei vil nå, men Lorentzen fortel at ho prøver å snu tankar vekk frå vektnedgang og muskelvekst, og over på ting det er lettare å kontrollere.

— Det er mogleg å kontrollere kor mykje grønnsaker ein spiser og kor ofte ein beveger på seg, men det er vanskeleg å kontrollere korleis kroppen reagerer på det, fortel Lorentzen.

Økt pågang på treningssentra

Rundt på treningssentra i Oslo, er det økning i antall nye medlem i januar. Bjørn Maaseide i Sats/ Elixia fortel at det er stor forskjell på desember og januar.

— Me har sett ein økning på 120 prosent i antall nye medlem frå desember til januar, fortel Maaseide.

Hjå Sats/ Elixia har dei ikkje ei eigen kampanje som spelar på nyttårsforsett i år, då dei heller reklamerer for ein ny medlemskapsmodell.

Også hjå Fresh fitness ser dei ei viss auke frå desember til januar, med 24 prosent mindre besøk i første halvdel av desember i forhold til januar. Administrerande direktør, Paal Hansem, kan fortelje at det mindre forskjell om ein samanlikner januar med november.

— Desember er ein månad med lite aktivitet, medan oktober og november er månader der mange trenar, seier Hansem.

Studentane trenar året rundt


Fredrik Refsnes, direktør i SIO Athletica. Foto: Astri Åmellom Brøto.

Hjå SIO Athletica har dei ein ganske jamn medlemsbase, men også her merker dei auke i besøka i januar.

— Studentane er generelt flinke til å trene gjennom heile året, men me ser at alle sentra er ekstra godt besøkt no i januar, fortel Fredrik Refsnes, direktør i SIO Athletica.

Senteret kjører kampanje både i forbinding med nytt år, men også i forbinding med semesterstart om hausten.

— For oss handlar det om å få studentane inn i gode treningsvaner tidleg. Det kan bidra til ein bedre helsesituasjon og bedre studiemestring og trivsel, seier Refsnes.

Dei varige endringane

Camilla Lorentzen meiner det er viktig å gjere “litt og litt” om ein skal få inn ei god vane som varer over lenger tid.

— Litt meir grønsaker, litt meir bevegelse, litt meir trening og litt mindre sjokolade er ofte meir enn nok til å kome i gong, og ikkje minst ganske enkle vaner å halde på, seier Lorentzen.

Ho har ikkje sjølv noko nyttårsforsett, og tenker at slike forsett ofte blir litt for lite spesifikke. Ho meiner at tanken bak ofte er god, men at det ofte blir satt litt for mange og uspesifikke mål.

— Då er det ikkje så enkelt å faktisk gjere noko, meiner Lorentzen.

Har ikkje alltid hatt eit positivt syn på egen kropp

Lorentzen fortel at ho sjølv har vore på jakt etter “drømmekroppen”. Ho har testa ut diettar, slankekurar og ekstreme treningsregime for å bli “tynn nok” og “muskuløs nok”.

— Det gjekk heilt til hovudet på meg, men på eit tidpunkt sa det stopp, fortel ho.


Camilla Lorentzen vil bevege seg kvar dag, men det må ikkje alltid vere ei tung styrkeøkt. Nokre gongar er ein tur med hunden meir enn bra nok. Foto: Privat. 

Lorentzen fortel vidare at ho etterkvart innsåg at det ikkje handla om korleis ho ser ut, men korleis ho føler seg.

— Og ein føler seg ikkje særlig bra når ein til stadighet jaktar på drømmekroppen og straffer seg sjølv på veg mot den, seier ho.

Etter å ha innsett dette, byrja ho å bli meir snill mot seg sjølv.

— Eg forsøkte å gjere det eg hadde lyst til, framfor å tenke på det eg burde. Det eg ville framfor det eg måtte, fortel Lorentzen.

Dei små tinga

Lorentzen har ofte eit fokus på dei små tinga. Dette får ho også positiv tilbakemelding på frå kundane sine. Det ho sjølv definerer som den beste tilbakemeldinga ho har fått, er ei som fortel at ho har fulgt dei gode råda frå Camilla, blant anna ved å slappe meir av, ta små steg av gangen og å ikkje tenke på vekta.

— Eg føler meg meir vel, uansett kva som skjer, fortel denne kunden.

Lorentzen seier om tilbakemeldinga at den viser enkelt og greitt at det er dei små tinga som tel, dei små vala kvar dag, og at dette faktisk har effekt.