Vil gje alle studentar mindfullness

Dei neste åtte vekene vert det halde gratiskurs i mindfullness på OsloMet. - Det er vertfall min draum at OsloMet skal gje eit slikt tilbod til alle sine studentar i framtida. Det er jo slik det er i Cambridge og ved andre universitet, seier ein av kurshalderane, Jannicke Heyerdahl Larsen.
Onsdag, 17 oktober, 2018 - 15:31

Mindfulness er ein rekke øvingar ein kan gjere for å vere oppmerksom og tilstede her og no. Det er Heyerdahl Larsen og Bjørn Gunaketu Kjønstad som skal undervise i dette. Kursa foregår på OsloMet, og er kvar torsdag fram til slutten av november.

– Eg tenkjer at studenter er i ein spesiell og interessant livsfase. Dei er som regel på terskelen inn i vaksenlivet, eller i eit nytt yrke. I tillegg til å få kunnskap og ferdigheter om korleis ein skal utøve eit yrke, treng ein også ferdigheter til å handtere dette, fortel Kjønstad.

Både han og Heyerdahl Larsen underviser kurset frivillig.

Dei to har no fullsatte kurs med 35 deltakarar, og er spente på korleis dei skal mobilisere det heile. Heyerdahl Larsen har lenge drive med mindfullness for ansatte på OsloMet.

– Det er ikkje så mange som har vore med, men det har vore eit tilbod i åtte år, fortel ho.

Planen deira er å kunne setje opp drop in klassar seinare. Ein av kursdeltakarane som møtte opp tidleg er positiv. 

– Eg har ikkje noko erfaring med det, men det verka interessant. Det er absolutt viktig å stresse ned og ta seg ro. Eg håpar at eg kan ta med meg det eg lærer her vidare i livet, fortel ein av kursdeltakarane.

Kjønstad fortel om ein kollega jobbar som fulltidsansatt i Cambridge for å undervise dette. - Det er heilt klart ei vaksande interesse.

Emneord: