Vil ikkje slutte å kjempe før bura er tomme

Kring 5000 menneske frå heile landet gjekk i NOAHs fakkeltog for pelsdyr på laurdag. Dette er ein stor nedgong frå fjoråret då kring 9000 menneske gjekk. 
Mandag, 29 oktober, 2018 - 15:43

Den 14. januar i år vedtok regjeringa ein styrt avvikling av pelsdyroppdrett i Noreg, innan 2025. I NOAH´s fakkeltog i år gjekk kring halvparten av så mange i tog som på samme tid i fjor. Leiar i NOAH, Siri Martinsen, trur den valdsame nedgongen I fakkeltoget skuldast at mange trur dyra no har sigra.

 – I år vart markeringa først og fremst presentert som eit sigerstog, og folk forventar at dei ikkje lenger treng å slosst for denne saka. At politikarane skal ta ansvar, fortel ho.

Fakkeltoget var ikkje berre eit sigerstog, men også ei påminning om at organisasjonen ikkje vil slutte å kjempe før bura er tomme og pelsdyroppdretta er avvikla. Kring 2000 av dei som gjekk var lokaliserte i Oslo. «Hva vil vi ha? Tomme bur! Når vil vi ha det? Nå!» er bodskapet som ringast ut på youngstorget.


NOAH jobbar for alle dyrs rettferd. – Vi har blant anna hatt kampanjer mot dyrecircus og dyrepoliti, men vi ynskjer hensyn til dyr på alle områder. No gjeld det berre at denne lova kjem raskt så dyre slepp å lide lenger, fortel Siri Martinsen, leiar i NOAH. Foto: Charlotte Førde

NOAH er ein organisasjon for dyrs rettferd, som arbeider mot utnytting av alle dyr. Martinsen har jobba i NOAH sidan 1990, året etter organisasjonen oppstod. Ho meiner at kvar dag tel, og at det er viktig at avviklinga no vert formelt vedtatt så pelsfarmene kan byrje å leggje ned. Då forslaget kom i januar var det sju år til avviklinga skulle vere klar i 2025. Dette meiner NOAH ikkje er godt nok. 


Siri Martinsen, leiar i NOAH. Foto: Bente Isefjær / NOAH

– Det vil seie at over fem millionar dyr sit i bur og risikerer å lide i mellomtida. Difor er det viktig korleis omstillingsordninga vert, seier Martinsen.

Dersom ein berre gjev midlar til dei som omstiller seg raskt, og ikkje dei som ventar til slutt vil det verte ferre dyr som lid, meiner ho. Martinsen trur at politikarane no ser at dette vedtaket er fagleg riktig, og at pelsdyrnæringa ikkje samsvarar med dyrevelferdlova i Noreg. 

– Dei ser eit kjempestort folkeengasjement. At folk viser engasjerentet gjennom blant anna det årlege fakkeltoget, er ein viktig den for å synleggjere dette, seier ho.

Malin Sæther Andresen og Sunniva Nøsterberget (20) er begge frivillige i årets fakkeltog. Dette er ikkje ukjent terreng for dei. Sæther Andresen har gått i fakkeltog for pelsdyr sidan 2012, og Nøsterberget går no sitt fjerde år. Dei begge har også vore frivillige tidlegare. 

 


Malin Sæther Andresen (20) og Sunniva Nøsterberget (20) har begge vore frivillige i NOAH´s fakkeltog i fleire år. Foto: Charlotte Førde

– Heile livet har eg engasjert meg for dette. Gjennom barneskulen viste mor mi meg politiske saker og idear. Når ho tykte eg var gammal nok, drog ho meg med i pelstog. Eg engasjerer meg eigentleg for det meste. Er der ein urett, vil eg gjerne få retta opp i det, fortel Sæther Andresen.

For ho er det årlege fakkeltoget ein av dei viktigaste arrangementa i året.

– Sjølv om vi har fått vite at det skal leggjast ned er det viktig at det skjer fort. Det er viktig at vi markerer dette. Vi må vise at dette verkeleg skal kjappast på, seier Sæther Andresen.

Nøsterberget er einig.

– Det er berre så latterleg at vi tar frå dyra pels, og godtar det. No må vi prøve å kutte avviklingstida. Eg har gjort toget til ein tradisjon, så no kan eg ikkje slutte, avsluttar Nøsterberget.

Emneord: