Spelar konsertar i ugjennomtrengeleg mørke

Lights out trio har haldt fleire konsertar i NRK sitt studio denne uken. Desse konsertane vert heldt i totalt mørke, for å hindre at visuelle inntrykk skulle påverka sjølve musikken.
Onsdag, 17 oktober, 2018 - 12:07

 

–    Når ein tar vekk ein sans vil den andre forsterkast heilt automatisk. På konsertar i mørket høyrer ein på ein veldig spesiell måte utan visuelle inntrykk. Opplevinga av konserten blir heilt annleis, seier Magnus Boye Hansen i Lights out trio. 

 

Tysk konsept

Lights out trio er eit band på tre menn, som samlast nokre gangar i året for å spele konsertar i totalt mørke. Bandet består av den norske fiolinisten og bratsjisten Magnus Boye Hansen, norske Mathias Susaas Halvorsen på piano og tyske Steven Walter på cello.

Inspirasjonen har bandet henta frå då Hansen og Halvorsen var på ein «mørkerestaurant» i Berlin, i Tyskland. Dei tykte konseptet var veldig kult, og bestemte seg for å starte med musikk i mørke sjølve. Etterkvart fann dei ut at dei mangla ein god cellist, og kontakta då studie-kamerat Walter fordi dei visste at han var talentfull.

Til og med nødutgang-skiltet var dekka til i det intime lokalet, for å få den komplette stemninga. Vanlegvis ville ikkje dette vere lovleg av sikkerheitsmessige årsakar, men vaktene kunne gjere eit unntak på grunn av eit begrensa antall publikum og størrelse på lokalet.


Dei tre musikarane møtte kvarandre når dei studerte i Tyskland. Frå venstre: Mathias Susaas Halvorsen, Steven Walter og Magnus Boye Hansen. Foto: Malene Savland Malene Savland

Større konsekvensar

Dei tre musikarane tykkjer det er veldig kjekt å vere eit band av få som driver med konsertar i mørket, men meinar likevel at dette er eit konsept som burde spre seg.

Dette er vår greie no. Det er for utfordrande for andre å drive med, spøkar Halvorsen.

Walter utdjupar at det er mykje hardt arbeid i å lære seg intrumenta utenat, og at om ein først gjer feil og skal hente seg inn igjen er det mykje vanskelegare når du ikkje kan sjå noko. Likevel er musikarane einige om at des meir folk blir vande til å gå på konsertar i mørket, des større vil markedet for slike konsertar bli, og det vil selvfølgelig slå ut positivt for Lights out trio også.

Friare publikum

Folk sit for seg sjølve, dei kan danse og leve seg inn i musikken utan å vere redd for korleis det vil sjå ut. Vanlegvis er folk vande i å pynte seg litt ekstra når dei drar på konsertar med klassisk musikk, men her vil ingen sjå dei uansett så dei kan kle seg akkurat slik dei vil. Dette trur bandet er ein stor fordel for publikum.

Nimo Abdi fekk oppleve sin første konsert i mørket av Lights out trio, tykte det var ei veldig rar oppleving. Likevel var det befriande når ein først klarte å slappe av, og ho merka at ein konsentrerte seg mykje meir om musikken.

Sidan ein ikkje kan sjå noko begynner ein å sjå for seg si eiga førestilling, ut i frå kva ein høyrer. Det var eit spennande konsept som fleire burde oppleve, seier ho.