Innsatsleiar gir beskjed om at Ane Stø må gje frå seg megafonen. Foto: Malene Savland

Demonstrantar tvihaldt på megafonen

Tysdag morgon møtte over 300 kvinner og menn opp for å demonstrere mot den nye fireparti-regjeringa. Det blei for mykje bråk for regjeringa, og politiet måtte ta frå dei megafonen.
Fredag, 25 januar, 2019 - 16:01

Plakatar, faner og hårfrisyrar i alle mulige fargar samlar seg rundt leiaren for Kvinnegruppa Ottar, Ane Stø. Det er første gang på over ti år at ein demonstrasjon foregår på Slottsplassen, og ikkje framfor Stortinget. Den regjeringskritiske folkemengda har blitt vist til nedre del av Slottsplassen, ikkje eingong synleg for Erna Solberg og den nye regjeringa som skal presenterast. Det osar av sinne, og demonstrasjonen kompanserar for usynlegheita med ekstra bråk.

“Vårt liv, vår kropp - fortsatt sjølvbestemt abort” er slagordet som går hyppigast igjen i megafonen til Ane Stø. Mellom sinte slagord tar ho pausar der ho pratar om den nye regjeringa.

– Vi skal vise dei stygge trynene! er eit av dei grovaste utsegna som kjem frå Stø. 


Fleire kvinner heklar seg saman i mur for å hjelpe Ane Stø. Tre politimenn måtte til for å ta megafonen frå ho. Foto: Malene Savland

– Kvar blir det av ytringsfridomen?

Fleire væpna politimenn dukkar opp, og stiller seg spesielt rundt fronten av demonstrasjonsgruppa, og sender hyppige blikk mot Ane Stø. Gruppa på over 300 demonstrantar er omringa av minst fem politibilar. Etterkvart som sterke og sinte lunger blir fleire, ser politiet seg nøydd til å ta frå Ane Stø megafonen. Ho nektar, og held fast på megafonen så lenge ho klarar. Eldre damer heklar seg saman i mur for å hjelpe til, og tre politimenn må til for å klare å rive megafonen frå ho. - Kvar blir det av ytringsfridomen? lyder det frå folkemengda.

– Unødvendig maktbruk av politiet, meiner Jorgunn Friis Reset som er organisasjonssekretær i Kvinnefronten.

Journalen har teke kontakt med kommunikasjonsrådgjevar for Oslo Politidistrikt, Silje Tamara Daugstad, som kan fortelje at demonstrasjonen ikkje var innmeldt til politiet i forkant. Politiet valde likevel å tilrettelegge for demonstrasjonen så langt det lot seg gjere. Ho melder også at megafonen forstyrra regjeringsarrangementet, og då Ane Stø ikkje ville gje i frå seg megafonen måtte dei ta den frå ho.


Ane Stø leiar demonstrasjonen på Slottsplassen. Plasseringa er nokså usynleg for den nye regjeringa som sto lenger oppe på plassen. Foto: Malene Savland


Ane Stø fortset å rope i megafonen når politiet prøver å dra den inn. Foto: Malene Savland

Raudkledde opprørarar

Ein jubel av slitne lunger snur seg mot øvre del av Slottsplassen. Nedover vegen, med parkerte politibilar på kvar side, kjem eit tog på over 30 kvinner i rød kappe med blikket i bakken. Dei går rundt demonstrasjonen og Slottsplassen, for så å stille seg på ei rekke framfor publikum.

– Vi er alle engasjerte enkeltmenneskjer som gjer opprør mot den nye regjeringa, fortel Celine Helen Kirkeby Gardstad (17) om det raudkledde toget på over 30 kvinner som kunne assosierast med «The handmaids» i HBO-serien «The Handmaid’s Tale».

Serien handlar om eit samfunn der staten sakte men sikkert får kontroll over kven som kan føde born og ikkje, og vi har lyst til å vise at vi ikkje kan la Noreg gå i den retninga, utdjupar Gardstad.


Det raudkledde toget skulle minne om “The handmaids” i HBO-serien “The Handmaid’s tale”. Sigrid Bonde Tusvik (t.h.) var også blant dei utkledde. Foto: Malene Savland

Ungt engasjement

Organisatorisk nestleiar i Unge Høgre Akershus, Tage Slind Jensen (20) har engasjert seg mykje i denne debatten.Dagen etter demonstrasjonen fekk han publisert ein artikkel på Si;D, der han kritiserar måten ein kan samanlikne styret i Noreg med The Handmaid’s Tale.

– Eg tykkjer det er paradoksalt at venstresida alltid etterlyser meir saklege debattar, og så finn ein det naturlig å gå ikledd kostymer frå ein serie der kvinner voldtakast for å bære fram barn, fortel Jensen.

Martine Tønnessen (30) er leiar i KrFU. Ho kan, på vegne av ungdomspartiet, fortelle at dei er svært nøgde med fireparti-regjeringa, og at ho ikkje er einig i demonstrantane sitt synspunkt.

– At ein ikkje lenger sjølvbestemt kan ta livet av ein tvilling når begge fostera er friske meiner eg er riktig presisering av abortlova. Vi er opptatte av kvinner sine rettar, og legg ikkje opp til eit samfunn slik det er i «The handmaid’s Tale», seier ho over telefon.


Ungt engasjement blant demonstrantane. Foto: Malene Savland

Står for ytringsfridomen

Sjølv om dei unge engasjerte kan vere både sterkt og smått ueinige, er dei alle einige i at det skal vere lov å ytre seg. Til ein viss grad.

– Det er ytringsfridom i Noreg, så eg er glad for at folk tar dei moglegheitene dei har og seier i frå på måtar ein kan, meiner Martine Tønnessen, då ho fortel om hennar reaksjon på det raudkledde toget på Slottsplassen.

– Eg forstår godt at det finnast ulike meiningar om fosterreduksjon, det er ei veldig vanskeleg sak, men å trekke den parallellen tykkjer eg ikkje høyrer heime i norsk debattkultur. Då skapar du falske motsetningar, som igjen kan bidra til politikarforakt og ikkje minst polarisering av debatten, fortel Tage Slind Jensen, som tykkjer det raudkledde opprøret var usakleg og usmakeleg.  

Journalen har ikkje lykkast i å komme i kontakt med Ane Stø.

Sjå video frå demonstrasjonen under.