Nordmenn brukte i snitt 27% meir enn andre europearar i 2018.

Nordmenn bruker nest mest

Ein ny rapport frå Statistisk sentralbyrå (SSB) syner at nordmenn er blant dei i Europa som handlar mest.
Onsdag, 20 mars, 2019 - 11:12

Berre Luxembourg klatra over Noreg med høve til personleg konsum i 2018. Den sør-europeiske miniatyrstaten låg 32 prosent over snittet for resten av EU. Noreg kjem snaue 5 prosent bak med rett under 30 prosent over EU-snittet. 

– Luxembourgs konsum var 32 prosent over EU-snittet, medan Noreg låg 27 prosent over. Personlege konsum i Noreg er rundt 8 til 16 prosent høgare enn i dei andre nordiske landa, skriv SSB.

Kjelde: Statistisk Sentralbyrå