Anders Brøten Lillemoe har førehandsrøysta og syns det er ein fin ordning for å få deltatt i valet heime på. Foto: Sunniva Grimstad Hestenes

Få studentar røyster ved lokalval

Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at unge i Noreg røyster lågt ved kommunestyre- og fylkestingval. Valanalytiker antar at det er fordi studentar er mindre interessert i politikk.
Lørdag, 7 september, 2019 - 17:21

Statistikk frå SSB viser at valdeltakinga blant norske statsborgerar i alderen 20 til 26 var låg i kommune- og fylkestingvalet i 2015. Statsvitar ved Universitetet i Stavanger Svein Erik Taustad (56) meiner at det har samanheng med at flesteparten i den aldersgruppa er studentar. 


Valdeltaking ved kommunestyre- og fylkestingvalet 2015. Foto: Statistisk sentralbyrå 

 


Statsviter Svein Erik Taustad meinar studentar ikkje har heilt kome med i vaksenlivet. Foto: Svein Erik Taustad 

Vanskeleg å røyste

Det er mange studentar som synst det er vanskelig å røyste fordi dei ikkje bur heime. Dei er også i ein fase i livet der ein ikkje har funne sin plass i det politiske landskapet enno, fortel Taustad. 

Student ved Universitetet i Oslo, Anders Brøten Lillemoe (20) trur at det er generell mangel av interesse for politikk som gjer at studentar ikkje røystar. 

– Eg synast å førehandsrøyste er ein fin ordning. Ein får deltatt på valet heime om ein ikkje har moglegheit til å reise heim att i valperioda, seier han. 

Malisa Hatteberg (19)  har heller ikkje opplevd at det er spesielt vanskelig å røyste. Ho studerer Utviklingsstudie ved UiO og trur det heng i saman med politikken i Noreg. 

– Det er så lite forskjell på ytterpunkta, altså aksen mellom høgre og venstre politikk, at dei unge i dag ikkje føler det er så nøye, seier Hatteberg. 

Ho trur også at vi har det såpass fint som unge i Noreg i dag at om ein ikkje har ein spesiell sak ein brenn for, så kanskje ein ikkje kjenner på behovet for å røyste. 

 

Mistar tilhøyrsle til heimkommunen 

Valanalytikar Svein Tore Marthinsen meiner at unge deltar generelt mindre enn eldre ved val fordi dei er mindre interessert i politikk. At den kunnskapen kjem med åra, og kanskje også opplev at politikk i større grad angår seg sjølv etterkvart som ein etablera seg. 


Valanalytiker Svein Tore Marthinsen (45) fortel at unge benyttar seg av politikk når dei etablerer seg og får bruk for omsorgstjenester. Foto: Svein Tore Marthinsen 


Malisa Hatteberg (19) Synast det er kjempedumt at det har vore lav valdeltaking, og ho seier det er viktig at ein brukar demokratiet for det det er vert. Foto: Sunniva Grimstad Hestenes 

– Når ein flytter til ein ny stad, så kan det hende at ein mistar noko av tilhøyrsla til kommunen der ein er folkeregistrert og dermed i mindre grad følgje med på politiske forholda heime. Fortel Marthinsen i ein e-post til Journalen. 

Student Malisa Hatteberg har ikkje mista tilhøyrsla og at det er viktig for ho å sette seg inn i kva dei ulike partia i heimkommunen står for. Hatteberg har tatt valgomater og diskutert vindmøller, kommunesamanslåing og diverse med familien. 

– Oslo er berre ein plass eg studera. Heimkommunen er det som er viktig for meg, så eg har lyst at røysta mi skal telje der, seier Malisa. 

 

Vil ikkje bryte mønsteret i år

Sjølv om alle studentane Journalen har vore i kontakt med har røysta ved valet i år, meiner statsvitar Svein Erik Taustad at det ikkje er noko som tyder på at dette valet bryt mønsteret frå tidlegare val fordi det ikkje er særlige fokus på ungdomssaker.  

– Difor burde valdirektoratet målrette informasjon og tilrettelegge meir for denne gruppa, seier Taustad.

 

Teit å ikkje røyste

OsloMet student Emilie Løland (19) kan skjønne at det er såpass mykje som skjer i studietida at det kan komme i vegen for å røyste. Samstundes meiner ho at det ikkje er så mykje som skal til for å setje seg inn i eit val. 


Emilie Løland synast at det er dumt at unge ikkje vil vere med å røyste. Foto: Sunniva Grimstad Hestenes 

– Eg synst det er sjukt teit å ikkje røyste, fordi det er viktig å vise at ein bryr seg om det demokratiet vi har. Då kan ein heller stemme blankt, fortel Løland. 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: