Nynorsk er ein av dei to offisielle språkformane i Noreg. Illustrasjonsfoto: Sunniva Grimstad Hestenes

Meir pengar til meir språk

Regjeringa gir 9,3 millionar kroner meir til å mellom anna styrke nynorsk.
Onsdag, 9 oktober, 2019 - 10:41

Målet med regjeringa sitt språkarbeid er å sikre, verne og fremje norsk minoritetsspråk. I statsbudsjettet for 2020 føreslår regjeringa 9,3 millionar kroner meir til å realisere fleire viktige språktiltak, som å styrke nynorsk, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande i ei pressemelding måndag. Samstundes som nokre elevar ved vidaregåande skular i Oslo ikkje skjønar vitsen med sidemål.

– Eg og flesteparten av mine medelevar har ein negativ haldning til sidemål fordi vi ikkje ser nytta av å kunne skrive nynorsk. Vi følar det er utdøande og blir kunn heldt i live fordi lova tilseier det, seier elev ved Elvebakken Vidaregåande skule i Oslo Patrick Riiser (18).


KRITISK: Vidaregåande eleven Patrick Riiser (18) synast at karakterar i sidemål er unødvendig. Foto: Privat 

Vil fjerne karakterar

Riiser er imot karakterar i sidemål, og meiner at undervisning i faget er dårleg prioritering av kva elevar skal bruke tida på skulen til. Eit tiltak for å skape positive haldningar til sidemål er å gjere det til eit frivillig valfag, eller fjerne karakterane til faget, meiner vidaregåande eleven.

– Hvis karakterpresset forsvann kunne det ha vore meir interessant å lære det. Å ha fire, kanskje seks, karakterar i norsk blir for drøyt, seier Riiser. 

– Må beherske begge

På mange måtar er det bra for dei som skriv bokmål å lære seg nynorsk. Ein får betre ordforråd av å kunne sidemål for ein blir bevisst på heile repertoaret som finnast i det norske språket, forklarar førsteamanuensis i språk og tekstrelaterte emnar ved OsloMet, Yngve Benestad Hågvar.

–Vi er eit land med to skriftspråk og då må alle beherske begge to. Det meiner eg må vere eit minstekrav, seier Hågvar


Yngve Benestad Hågvar seier at om ein hadde klart å få nynorsken meir synleg i det offentlege rom hadde den nok blitt ansett som ein meir naturleg ting å lære. Foto: Sunniva Grimstad Hestenes