Lærarstudent ved OsloMet, Solfrid Nilsen (20) seier ho hugsa kor kjekt det var å synge då ho sjølv gjekk på barneskulen. Foto: Sunniva Grimstad Hestenes

Elevar kan synge igjen

Lærarstudent jublar over at songen er tilbake på pensum og fortel at det er viktig å lære igjennom forskjellige aktivitetar.
Tirsdag, 5 november, 2019 - 09:20

– Eg synast at det er kjempebra at songen er tilbake på norskpensum igjen, seier Solfrid Nilsen (20)  som tar grunnskuleutdanning for 1-7 trinn ved OsloMet.

I 2017 fjerna regjeringa song frå den overordna delen av lærarplanane og føreslo å gjere det same for læreplanane i norskfaget. Føreslaget ville bety at det er valfritt om norsklærarar på barneskulen vel å bruke song i undervisninga. 

Stavanger Aftenblad skreiv den 13. oktober at det er bestemt at songen består i dei nye læreplanane for norskfaget for 1-4. klasse. Over 30 organisasjonar har jobba for å sikre songen sin plass i skulen. 

Viktig med song

Nilsen fortel vidare at song er viktig i skulen for å få eit avbrekk i undervisninga slik at ikkje alt berre blir lesing, men at ein kan lære via av andre aktivitetar. 

– Det å få synge og få samhald er viktig, for då gjer ein noko felles i klassa, seier ho. 

Trine Gedde-Dahl, universitetslektor for institutt for grunnskole- og faglærerutdanning ved OsloMet, seier også at å synge i norskfaget er viktig. Fordi det er eit tekstfag, og songar er samansette eller multimodale tekstar.

– Song aktiverer fleire sansar, musiske og rytmiske elemnet. Det er viktig for born å få uttrykke seg gjennom ulike uttrykksformar. Song kan også støtte minnet, og ting du har i minnet, kan ingen ta frå deg, forklarar Gedde-Dahl. 

Vidare fortel universitetslektoren at det er viktig å stimulere alle sansar i skulen. Det er viktig for både trivsel og læring. For koppslege musikalske, estetiske og visuelle erfaringar gir ein rikare kvardag og eit meir stimulerande læringsmiljø. 

Brukar song i lærarutdanninga

Til og med på lærarstudiet syng dei songar i norsktimane. På starten av studieåret song studentane i lag nesten kvar time, alle saman.

– Vi syng også i norskundervisninga fordi mange studentar nesten ikkje har musikkundervisning, og vi tenkjer at det er fint elevar å få synge litt oftare enn når di har musikk. At songen er ein itegrert del av arbeidsforma i klasserommet, forklara Gedde-Dahl.