Vihvi Margrethe Boye seier at Bamsebua må starte ein nettbutikk for å ha fleire bein å stå på. Foto: Sunniva Grimstad Hestenes

Dårlege tider for Bamsebua

Lokalbutikken på Frogner kjenner på presset frå dei store kjedene.
Torsdag, 21 november, 2019 - 11:40

Tidlegare har Journalen omtalt at Bokstua stenger dørene etter tjuefem år, og no kjenner også Bamsebua leikebutikk på at det er vanskelig å drive butikk om dagen. 

– Det er mykje konkurranse frå dei større kjedene, men også frå nettbutikkar, seier butikkmedarbeidar Vihvi Margrethe Boye.

Elisabeth Waage Boye starta leikebutikken ved Bygdøy Allé i Oslo for over tretti år sidan. Då Bamsebua var nær å legge ned etter eit dårleg salsår i fjor, tilsette ho dottera Vihvi Margrethe Boye i eit håp om å kunne overleve. 


Bamsebua vil prøve å halde fram eit par år til. Foto: Sunniva Grimstad Hestenes

Fleire sel barneleikar

Netthandel er ein stor konkurrent for Bamsebua, samstundes har dei mista ein del parkeringsplassar ved butikken fordi mesteparten av vegen er blitt til sykkelsti. Vihvi fortel at i dag får ein tak i leikar på fleire stadar enn i leikebutikken. Både apotek og bensinstasjonar sel babyleikar.

Kremmerskap

Kremmerskap er grunnlaget for all forretningsdrift.

Det handlar om lønsemd, nysgjerrigheit og emna til å sjå nye moglegheiter med fokus på kunden sitt behov. 

– Folk, inkludert meg sjølv, burde kanskje bli flinkare til å bruke dei butikkane som er i nærleiken, fortel Vihvi.

Bror William Stende er Bransjedirektør for faghandel, mote og fritid i Virke. Han seier at kundane har endra handlevanane sine, og spreia handelen over fleire kanalar som netthandel, grensehandel og handel i utanlandske butikkar. 

– Alle i bransjen konkurrerar med alle om dei same varane. Då kan det vere vanskelig å vere liten, seier han. 

Vidare seier Stende at det er viktig med godt kremmerskap, god kunnskap om kundane og ein digital strategi.

– Butikkane må vere til stades der kundane er, og nesten alle kjøp startar med eit digitalt søk, forklarar han.


Bamsebua sat ut skilt for å gjere folk merksame på at dei treng fleire kundar. Foto: Sunniva Grimstad Hestenes

Sat ut skilt

Bamsebua prøvar å snu varesortimentet for å tiltrekke seg meir kundar, som å selje barneklede. Dei har også prøvd å gjere folk i merksame på at butikken slit utan å mase.

– Vi satt ut skilt for å gjere folk som bur i nærleiken merksame på at om dei vil ha oss, så må dei bruke oss, seier Vihvi.

Mamma Elisabeth seier at det er viktig for folk i område å ha eit variert butikkutval. Spesielt for eldre som kjem innom for å ta ein prat. 

– Det er viktig at det er liv her. Eg trur også at lokalbutikkar gir ein meir avslappa handleoppleving enn å gå på eit kjøpesenter. Vi er også veldig opptatt av å gjere det beste for kunden, fortel dottera Vihvi.