Illustrasjonsfoto: Fiona Paton (CC BY-NC-ND 2.0) Flickr

380 millionar til havforskning

42 nye prosjekt innanfor fiskeri og havbruk får støtte frå Forskningsrådet.
Onsdag, 26 februar, 2020 - 14:05

Forskar- og innovasjonsprosjekta byrjar i 2020 og skal utvikle kunnskap og løysingar som sikrar eit reint og rikt hav i framtida. Prosjekta vil leggje grunnlag for ein bærekraftig havforvaltning og bidra til at nye næringsmoglegheiter skal formast. 

– Vi ynskjer å bidra med nye og gode løysingar til dei internasjonale havspørsmåla. Havforsking er heilt avgjerande for at Noreg skal vere leiande innan dette feltet, seier fiskeri- og sjømatminister Geir-Inge Sivertsen i ei pressemelding.


Fiskeri- og sjømatminister Geir-Inge Sivertsen. Foto: Nærings- og fiskeridepartementet 

Blå vekst gjennom grøn omstilling

– Innsatsen skal leie til blå vekst gjennom grøn omstilling. Kunnskap om hav, kystsona og dei marine ressursane blir stadig viktigare for at vi skal ha ein bærekraftig fiskeri- og havbruksnæring, seier administrerande direktør i Forskningsrådet John-Arne Røttingen.

Laksesmolt - smolt

Smolt er lakseungar som er klare for å gå frå ferskvatn til saltvatn. Dei er ein til seks år gamle, er sølvblanke og har ei lengd på 12-20 cm.

Les meir her.

Eit av prosjekta ser på ulike oppfatningar om kongekrabbe og snøkrabbe. Eit av måla med prosjekta er å forske på korleis ein kan forvalte og tilpasse økosystem for dei artane på best mogleg måte. 

Eit anna innovasjonsprosjekt undersøkjar tydinga av symjetrening i produksjonen av laksesmolt. Tidlegare forsking vis at smolt som går i kar med auka vasshastigheit har betre tilvekst, lågare fôrfaktor og redusert dødstal enn annan laks. 

Oversikta over alle prosjekta som har fått støtte finn du her.