Jahn Teigen blei 70 år gammal. Foto: Bamble Kommune (CC BY-SA 2.0) Flickr

Jahn Teigen er død

Den folkekjære musikaren var ein kulturskatt, seier kulturminister Abid Raja.
Tirsdag, 25 februar, 2020 - 11:40

Musikaren Jahn Teigen blei 70 år gammal og døydde på Ystad Sjukehus i Sverige måndag kveld, det opplys manageren hans Trond Lie til NTB. 

Dei siste åra levde han eit tilbaketrekt liv på Klockargarden i Ingelstorp utanfor Ystad, skriv NRK. Familien er i sorg og ynskjer ikkje å kommentere dødsfallet seier Lie.

Konkurrert meir enn nokon andre

Jahn Teigen blei født den 27. september 1949 i Tønsberg og var ein kjent norsk songar, låtskrivar og underhaldar.

Han har gitt ut over førti album, sluppe meir enn seksti singlar og spelt i band som Popol Vuh, Lions of Judea og Prima Vera.

Teigen var også sterkt knytt til Melodi Grand Prix og deltok i 14 finalar, meir enn nokon andre.

Han har representert Noreg i Eurovision Song Contest tre gongar og fekk mykje merksemd då han i 1978 då han fekk null poeng med «Mil etter mil».

Andre kjente Jahn Teigen-songar er «optimist», «Do re mi», «det vakraste som fins» og «Min første kjærlighet». 

Tildelt mange prisar

Gjennom ein lang karriere har Jahn Teigen blitt ein av Noregs mest kjente og folkekjære artistar. Teigen har fått Spellemannjuryens hederspris to gongar, i 1983 og i 2009. I 2010 blei han utnemnt som Ridder av 1. klasse av Hans Majestet Kongen. 

Han har også blitt avbilda på eit frimerke som Posten Noreg ga ut i anledning Eurovision Song Contest 2010. 

I 2012 blei han innlemma i Rockheim Hall of Fame, og fekk samstundes si eige utstilling der

I sorg

Kulturminister Abid Raja er i sorg og skriv på Twitter at Teigen sin musikk har satt spor i oss alle. 

Også andre kjente personar hyllar Teigen og er triste over hans død.

Emneord: 
Tags: