Landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad Foto: Torbjørn Tandberg

Lei av einsidig klimadebatt

Landbruks- og matministeren Olaug Bollestad vil ha meir fokus på skogbruk istadenfor raudt kjøtt.
Tirsdag, 25 februar, 2020 - 15:07

Bollestad seier i ein pressemelding at vi må snakke mindre om kjøttskam og meir om skog som klimatiltak. Ho vil auke aktiviteten i skogbruket og plante meir skog fordi den kan gi oss klimagevinstar i framtida.

– Vi har mange moglegheiter til å redusere klimagassutslepp i andre sektorer ved å ta i bruk skogen. Kvart år tar skogen opp CO2, som tilsvara meir enn halvparten av alle klimagassutsleppa i Noreg. Og den gode nyheita er at vi kan bruke skogen enda meir aktivt i klimakampen enn det vi allereie gjer, seier Olaug Bollestad.

Klimabidrag på sikt

Skogen utgjer meir enn ein tredel av Noregs landareal og har eit årleg netto opptak av CO2 på litt under tretti millionar tonn. Det er om lag halvparten av Noreg sitt samla utslepp av klimagassar i følgje Norsk Institutt for Bioøkonomi.


Dei fleste skogtiltaka vil ha full effekt på lang sikt. Illustrasjonsbilete: Sunniva Grimstad Hestenes 

 

Ungskogpleie

Det er eit samleomgrep for tiltak som blir gjort i etablert skog, men før trea har vakse seg store nok til å gjere nytte for seg. Utført ungskogpleie vil også vere gunstig med tanke på stabiliteten til trea, fordi at motstandskrafta mot vind- og snøbrekkskadar i stor grad blir forma medan dei forsatt er unge. Les meir her

Gunnhild Søgaard er skogforskar og avdelingsleiar ved NIBIO. Ho har leia faggruppa som har utreda skogtiltak for Klimakur 2030 rapporten som kom i byrjinga av februar. Søgaard seier at det er eit potensial for å auke skogens klimabidrag gjennom å jobbe med skogen på riktig måte. 

– Fornying av riktig treslag og ein høgare plantetettheit enn vi har i dag vil auke opptaket på sikt. I tillegg vil riktig ungskogpleie, og andre tradisjonelle skogskjøtseltiltak, kunne bidra til både auka opptak, og betre kvalitet på trea, seier Søgaard. 

Dei fleste skogtiltaka vil ha full effekt på lang sikt fordi det vil vere eit avgrensa areal tilgjengeleg kvart år, og berre ein liten del av skogen blir avhogga og fornya kvart år. Det tar også lang til før den nye skogen byrjar å vokse bra. 

Emneord: