Kawsica Rashasingham er lærling i bygg og anleggsfag. Foto: Sunniva Grimstad Hestenes

Ny rekord for lærlingkontraktar

Talet på læreplassar i Noreg aukar. I tillegg er dei fleste lærlingane nøgde med arbeidsplassen.
Mandag, 2 mars, 2020 - 11:50

I 2019 vart det inngått 23 000 nye lærlingkontraktar fordelt på alle utdanningsprogramma, og det er ei auke på 24 prosent frå 2012. Det er flest nye lærlingar i bygg- og anleggsteknikk ifølgje Utdanningsdirektoratet. Kawsica Rashasingham (17) er ei av dei som har fått lærlingkontrakt, og ho stortrivast i byggebransjen. 

– Eg synast det er veldig flott å vere lærling, seier ho.

Kunnskaps- og integreringsminister Trine Skei Grande seier i ein pressemelding at ho vert glad for at så mange ungdommar fekk ein læreplass å gå til i fjor.


Statistikken visar talet på nye lærlingar fordelt på sektor for perioden 2012-2019. Kjelde: Regjering.no 

– Landet skal byggjast for ei grønare og meir berekraftig framtid, men det skjer ikkje utan lærlingane, seier Grande. 

Auka behov for handverkarar

Opplæringsleiar ved Opplæringskontoret for Bygg- og Anleggsteknikk Erik Sørum bekreftar at det har vore ei auke i læreplassar. Han fortel at grunnen til auka er krav i offentlege kontraktar om at bedrifter må ha lærlingar. 

–  Det er veldig positivt at det er komt fleire læreplassar. I frå 2017 til 2018 auka vi frå 270 lærlingkontraktar til 400. Det er ei kjempeauking, seier Sørum. 

Han trur at no som den utanlandske arbeidskrafta byrjar å reise heim, og bygg og anleggsaktiviteten i Noreg er stor, kjem behovet for fleire handverkerar til å fortsette å auke. 

Saka fortsett under biletet


Opplæringsleiar Erik Sørum seier at bedriftar rekrutterer lærlingar for å få eigne fagarbeiderar i framtida. Foto: Sunniva Grimstad Hestenes/Kinga Jarzabek

– Det er heller ikkje vanskeleg å få læreplass. For omtrent 80 prosent blir utplassert via skulen, og då får nesten alle som ynskjer det læreplass. Men det er stabilt lavt med jenter i byggebransjen, kanskje på rundt to til tre prosent, seier han 

Ifølgje Sørum ser framtida for fast jobb etter fagbrev lys ut. 

– Dei aller fleste får jobb i den bedrifta dei gjekk i lære hos. Bedrifta rekruttera lærlingar for å få eigne fagarbeiderar, seier han. 

Nøgd med valet

Rashasingham er lærlig hos Skanska, men tok eit utradisjonelt val og går Yrkes- og studiekompetanse Byggfag (BYSK). Ho valte yrkesfag fordi ho hadde ei interesse for bygg og arkitektur. 

Saka fortsett under biletet


Kawsica Rashasingham likar seg som lærling i betongfag. Foto: Sunniva Grimstad Hestenes

BYSK - Yrkes- og studiekompetanse Byggfag.

BYSK er ein kombinert utdanning der elevar som fullfører kjem ut med både studiekompetanse og sveinebrev/fagbrev. Utdanningsprogrammet gir praksiserfaring frå arbeidslivet og ein kan velje mellom å ta sveinebrev innanfor tømrarfag eller fagbrev i betongfag. Les meir her.

– Eg valte BYSK fordi då har eg både yrkesfaglig bakgrunn og studiekompetanse, så alle moglegheitar er opne. Fagbrev er grunnleggande viss ein til dømes skal vere entreprenør eller berre vil ha noko å falle tilbake på, seier Rashasingham.

Rashasingham fekk læreplassen gjennom Kuben vidaregåande skule, og såg for seg at ho måtte gå innom fleire bedrifter før ho fant ein læreplass der ho trivst. Det viste seg at ho tok feil.

– Det var veldig enkelt. Tanken om at dette er plassen min og firmaet mitt kom veldig naturleg, seier ho.

Sjå korleis Rashasingham har det på arbeidsplassen her:

Dei fleste likar seg

Lærlingundersøkinga for 2018 viser at lærlingane stort sett trivst på arbeidsplassen, og nesten 80 prosent er nøgde med opplæringa dei får.


Kunnskaps- og integreringsminister Trine Skei Grande. Foto: Jo Straube

Kunnskaps- og integreringsminister Trine Skei Grande, seier i ein pressemelding at det er openbart at dei som får læreplass er motiverte og gjennomfører i stor grad. Ho seier også at det er viktig for landet med fagarbeidarar som har lyst å komme i jobb. 

–  Samstundes ser vi at 3,4 prosent av lærlingane i undersøkinga skriv at dei blir mobba. Vi tar tilbakemeldingane frå lærlingane på alvor, og er opptatt av sikre gode arbeids- og opplæringsmiljø for alle, seier Grande i pressemeldinga.

Avdelingsleiar for eigenproduksjon i Skanska, Christian Andre Johansen, vil ikkje omtale mobbing som eit stort eller kjent problem. Han seier at det er synd at meir enn tre prosent følar seg mobba på jobb. 

– I miljø kor ein samlar mange menneske, som ein gjer i byggebransjen og i store prosjekt, kan det oppstå situasjonar som kan opplevast som ubehagelig for enkeltpersonar. Vi kan ikkje utelukke at det skjer hos oss, men det er ikkje noko eg er kjent med, seier Johansen. 

Har tiltak for betre trivsel

Johansen trur det er spesielt viktig å fokusere på eit godt arbeidsmiljø i ein bransje kor ein brukar mykje tid saman. Han trur at dei alle fleste behandlar lærlingane godt. 

– Vi har mykje fokus på dette og tildelar difor lærlingane ein fadder når dei startar hos oss, seier han. 

Ein fadder er nokon som blir valt ut til å følgje opp lærlingen og sørge for at vedkommande har det bra på jobb. Johansen seier at fadderen også skal hjelpe lærlingen med overgangen ut i arbeidslivet. Han synest det er viktig at lærlingane har nokon å kontakte dersom dei har spørsmål eller det oppstår problem. 

Saka held fram under biletet


Christian Andre Johansen er opptatt av at lærlingane skal kunne trivast på jobb. Foto: Sunniva Grimstad Hestenes

Ikkje i mål

Ni av ti besto sveineprøva skuleåret 2018/2019 i Noreg, og sidan 2011 har talet på bestått fag- og sveinebrev auka med 26 prosent. Til tross for dette seier kunnskaps- og integreringsministaren at regjeringa fortsett ikkje er i mål. 

– Framleis er det for mange som slit med å fullføre opplæringa si, eller som ikkje får tilbod om læreplass. Difor er vi i gong med å lage ei ny stortingsmelding om vidaregåande opplæring. Her skal vi sjå nærare på korleis vi kan få fleire til å byrje i lære for å oppnå relevant yrkeskompetanse og erfaring, seier Grande i pressemeldinga.

Sjå fleire bilete frå arbeidsplassen her:

Emneord: 
Tags: