Skiltet viser veg til Vebjørn Sand sin utstilling. Foto: Tuva Bull Hjeltnes

Pop-up-galleri i Akersgata

10.-24.oktober held Vebjørn Sand pop-up-utstilling i Akersgata 18. Fleire av måleria som er stilte ut i kunstinstallasjonen "Roseslottet", dukkar også opp her.
Onsdag, 14 oktober, 2020 - 00:05

Såkalla pop-up-utstillingar er utstillingar som bokstaveleg talt poppar opp og som eksisterer i ein kort periode. Dette har vorte meir og meir vanleg dei siste åra og kan vere framtida sine butikkar, ifølgje nettstaden Melk & Honning


I krysset mellom Akersgata og Prinsens gate finn du pop-up-utstillinga. Foto: Tuva Bull Hjeltnes 

Måleri frå “Roseslottet”

“Roseslottet 2020 er en kunstinstallasjon og et pedagogisk prosjekt som har til formål å fortelle historien om okkupasjonen av Norge og om de grunnleggende prinsippene for demokrati, rettsstat og humanisme, som i denne perioden ble satt ut av kraft”, står det på Roselsottet si heimeside

“Roseslottet” opna 13.juni i år. Dei kunstneriske ansvarlege for kunstinstallasjonen er kunstnarane Vebjørn Sand og Eimund Sand. Fleire av måleria frå “Roseslottet” blir no stilte ut i pop-up-utstillinga i Akersgata. 

Karin Schanke er ein av dei som denne dagen tok turen til utstillinga. 

– Eg las om det på Facebook i går og såg at det hadde vore opning no på laurdag, så derfor sykla eg meg ein tur ned for å få den med meg i dag, seier Schanke. 

Familieprosjekt 

Det er broren til Vebjørn Sand, Aune Sand, som har ansvaret for utstillinga i Akersgata. Han møter Journalen med openheit og engasjement. 

– Dei fleste av måleria her er det Vebjørn, bror min, som har laga. Nokre av dei er det faren vår Øyvind som har laga, og så har eg noko av kona mi, Marianne Aulie, også, fortel Sand.


Aune Sand viser fram bror Vebjørn sitt måleri “Guernicaballetten”. Foto: Tuva Bull Hjeltnes 


Aune Sand viser fram Vebjørn Sand sitt måleri “Sonja Wigert”. Foto: Tuva Bull Hjeltnes 

– Sonja Wigert var skodespelar og dobbeltspion under andre verdskrig. Ho forførte Josef Terboven, som var rikskommissær i Noreg, for at far hennar skulle få sleppe fri frå fangeleiren på Grini, fortel Sand. 


“Søster Anna” er eit av måleria som står utstilt i “Roseslottet”, og no i pop-up-utstillinga. Foto: Tuva Bull Hjeltnes 


“Roseslottet” kan ein besøkja dersom ein tek T-banen til Frognerseteren. Foto: Tuva Bull Hjeltnes 

70 000 besøkande 

I følgje Facebook-sida til pop-up-utstillinga, har “Roseslottet” hatt 70 000 besøkande etter at dei opna i juni i år. Kunstinstallasjonen ligg rett bak Frognerseteren T-banestasjon, og planen er at den skal bli ståande i eit år.  

 

 

Emneord: