Her stemmer Maggie Ford ved primærvalet i mars i Oslo. Foto: Maggie Ford

Presidentvalet: Stemmestyr frå Norge

Presidentvalet nærmar seg, men det å få stemmen fram til USA har bydd på frustrasjon for nokre.
Fredag, 30 oktober, 2020 - 11:38

–Eg har stemt frå Norge i mange år, og det har aldri vore noko problem før, men i år har det bare vært tull, seier Maggie Ford (62).

Ho har budd i Norge i 40 år og forteller det tidligare har gått lett å få stemmen over til USA. I år har det vore så mykje forvirring og frustrasjon at fleire digitale rettleiings møter har blitt sett opp.

–Det har vært bruksanvisinger, videoar og fleire frivillige som har bidroge til å få stemmesddelen fram, seier Ford som trur stemmestyret har oppstått på grunn av koronakrisa.

Komplisert å stemme 

Ford fortell at stemmeseddelen hennar ikkje kom i posten og ho dermed måtte bestille online.  

–Eg måtte trykke den ut på A4 ark, noko som er eit problem fordi det er ikkje papirstorleiken stemmeseddelen er på. Dermed måtte eg sette i gang å brette både ein indre og ytre konvolutt, forteller Ford.


Maggie Ford sendte stemmeseddelen 7.oktober, og har fått bekrefta at den er kome fram. Foto: Maggie Ford 

Ho legg til at dei ulike statane har ulike format og gjennomføring på stemninga, og at dette ikkje gjeld alle. 

Jessica Angstreich (39) har ikkje hatt noko problem med sjølve stemminga frå Norge, men også ho tykkjer det er komplisert å få til.

–Det er eit langt dokument du må fylle ut, og du må være svært nøye slik at alt blir riktig. Dersom du berre markerar litt feil blir det ikkje godkjend, seier Angstreich.

På grunn av dette fortel både Angstreich og Ford at det er viktig å vere tidlig ute med å stemme slik at stemmen når fram i tide. Angstreich stemte på e-post og har fått bekrefta at stemmen er mottatt. 

Også Kyle Knapp var i år bekymra for om stemmen ville nå fram til USA i tide.

–Tidlegare har eg aldri hatt noko problem med å stemme frå Norge, og sjølv om eg var bekymra for at stemmen skulle nå fram i tide i år har det heldigvis gått bra, seier Knapp. 

Ingen vanlig valvake

Natt til 4.november skal kunngjeringa om kven som blir USAs neste president kome, men valnatta blir ikkje slik som ho pleiar for amerikarane i Norge.

–Me pleier jo å a stor valvake der me sist gong samla både demokratar og republikanar for å følge med, men i år går jo ikkje det, seier Ford trist.

Ho har sakna fellesskapet med venner frå USA der dei har sett debattane saman og diskutert.

–Det å sitja i kvar si stue å sjå debatten er ikkje det same som å sjå det saman, seier ho, og legg til:

–Kanskje me fått til eit zoom party eller liknande i år. Noko må me få til.

Angstreich på si side er ikkje like opptatt av at det ikkje blir like stor valvake som tidligare, men kjem til å følgje med på nettavisene.